Historisk arkiv

Auka oljeutvinning - ei hovudutfordring på norsk sokkel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 81/02
Dato: 28.06.2002

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Auka oljeutvinning – ei hovudutfordring på norsk sokkel

-Det har vore produsert olje frå norsk sokkel i over 30 år. Meir enn 60 prosent av dei totale oljeressursane er enno ikkje produsert, så oljeproduksjonen vil kunne vare i minst 50 år til. Sjølv om potensialet for framtidig verdiskaping frå oljeressursane er stort, vil det likevel krevje stor innsats og vilje til nytenking frå alle involverte partar dersom vi skal greie å gjere nytte av desse ressursane, seier olje- og energiminister Einar Steensnæs.

-Å auke uttaket av oljeressursar i dei modne områda er tidskritisk, og vil derfor vere ei hovudutfordring på norsk sokkel i åra framover, seier statsråden.

Gjennomsnittleg forventa utvinningsgrad for olje, dvs. den delen av ressursane som vil bli produsert, er i dag 44 prosent for felta på norsk sokkel. Etter ein samanhengande periode med årlege oppjusteringar gjennom heile 90-talet, har ikkje den gjennomsnittlege utvinningsgraden endra seg dei siste åra. Mange av dei felta som i dag er i produksjon har så store ressursar at sjølv ein liten auke i utvinningsgraden vil gi store ekstra oljevolum som kan produserast. Regjeringa meiner derfor at styresmakter og industri bør ha ei felles målsetting om å auke den gjennomsnittlege utvinningsgraden til minst 50 prosent. Ein slik auke svarer til ein bruttoverdi på i overkant av 500 milliardar kroner, om vilkåra i revidert nasjonalbudsjett blir lagt til grunn.

Store delar av dei resterande oljeressursane finns i felt som allereie er i produksjon i dag. Mange av desse felta er kjenneteikna av fallande produksjon og stigande kostnader per eining. Produksjonen frå slike felt vil om kort tid bli fasa ut dersom ikkje omfattande tiltak blir sett i verk. Det er framfor alt rettshavarane, og i sær operatørselskapa, som må omsette desse utfordringane i løysingar som gjev auka verdiskaping. Rettshavarane vil måtte vurdere eit vidt spekter av effektiviseringstiltak for å senkje kostnadsnivået, slik at lønnsam drift kan haldast oppe. Aktuelle tiltak kan mellom anna vere å styrkje samarbeidet på tvers av utvinningsløyver, fornye arbeidsprosessar eller flytte fleire arbeidsoppgåver til land. I nokre tilfelle må ein og vurdere heilt nye måtar å drive felta på. Det viktigaste er likevel rettshavaranes vilje og evne til å gjennomføre tiltak for å auke ressursutnyttinga før det er for seint. Saman med teknologiske framsteg og ny kunnskap er desse faktorane særs viktige for den framtidige verdiskapinga frå oljeressursane på norsk sokkel. Dersom vi ikkje løyser dei utfordringane som oljefelt i modne områder no står framfor, kan store verdiar gå tapt for samfunnet for all framtid.

Olje- og energidepartementet etablerte sommaren 2000 OG21 for å få fram anbefalingar om ein nasjonal strategi for den samla teknologi- og forskingsinnsatsen innan petroleumssektoren. OG21 har kartlagt eit stort verdiskapingspotensiale på sokkelen og definerer auka oljeutvinning som eitt av fem satsingsområde for det vidare arbeidet.

-Regjeringa har tru på at rettshavarane på norsk sokkel har den kompetanse og vilje som skal til for å sikre maksimal utnytting av oljeressursane. Vi vil samstundes streke under at det er særs viktig at alle aktørar i olje- og gassnæringa sluttar opp om verdiskapande tiltak, seier olje- og energiminister Einar Steensnæs. -Regjeringa vil på si side spele aktivt på tilgjengelege verkemidlar der tilpassing i rammevilkåra kan bidra til auka verdiskaping for samfunnet. Avveging mellom miljøomsyn og auka ressursutnytting vil inngå i slike vurderingar.