Historisk arkiv

OSSE-rapport frå valobservasjon er klar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

OSSE leverte fredag sin rapport etter deira observasjon av det norske stortingsvalet 14. september. – Innspel frå utanlandske valobservatørar er viktig. Vi treng kontinuerleg debatt om det demokratiske systemet vårt, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

OSSE leverte fredag sin rapport etter deira observasjon av det norske stortingsvalet 14. september. – Innspel frå utanlandske valobservatørar er viktig. Vi treng kontinuerleg debatt om det demokratiske systemet vårt, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Ein delegasjon på ni personar frå OSSE si avdeling for demokrati og menneskerettar (ODIHR) var i Noreg frå 4. til 16. september. Delegasjonen besøkte ei rekkje kommunar og fylkeskommunar før og under valet. Dei hadde møter med statlege og lokale valmyndigheiter, politiske parti og media.

I rapporten sin er valobservatørane gjennomgåande svært positive til norsk valgjennomføring. OSSE slår fast at gjennomføringa av valet 14. september stadfesta at norske val er prega av respekt for grunnleggande fridom og rettar og høg grad av tillit til valadministrasjonen. OSSE skriv at det rettslege rammeverket gir eit generelt godt grunnlag for utøving av demokratiske val.

OSSE ber også norske styresmakter vurdere enkelte forhold ved det norske valsystemet. Rapporten peiker mellom anna på to forhold som avvik frå internasjonale standardar. Det eine er norske innbyggarar si plikt til å stille til val. Den andre er at stemmene frå dei ulike valdistrikta blir vekta forskjellig. 

- No skal vi studere rapporten frå OSSE grundig. Regjeringa inviterte OSSE til å sjå nærare på norsk valgjennomføring og regelverk, og eg ser fram til ein debatt om dei innspela valobservatørane har kome med. Openheit og debatt er viktig for å oppretthalde tilliten til det norske valsystemet, seier Navarsete.
Når det gjeld punktet om at stemmene frå dei ulike valdistrikta blir vekta forskjellig, er statsråden si haldning klar, men vi vil vurdere OSSE sine merknader grundig.

- Eg vil minne om at det har vore semje i norsk politikk om at distrikta etter måten skal vere sterkare representert enn meir sentrale strok. Grunngjevinga finn vi i politiske, kulturelle og næringsøkonomiske tilhøve. Innbyggjarane skal bli høyrde uavhengig av kvar dei bur, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.