Historisk arkiv

Noreg utviklar ny praksis for oppfølging av valobservasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsråd Liv Signe Navarsete sender i dag ein rapport til OSSE om korleis departementet planlegg å følgje opp OSSE sine merknader til gjennomføringa av stortingsvalet i 2009. Rapporten er ein del av ein ny praksis for oppfølging av valobservasjon.

Statsråd Liv Signe Navarsete sender i dag ein rapport til OSSE om korleis departementet planlegg å følgje opp OSSE sine merknader til gjennomføringa av stortingsvalet i 2009. Rapporten er ein del av ein ny praksis for oppfølging av valobservasjon.

- Noreg inviterte sjølv OSSE for å gjennomføre valobservasjon. Vi ønskjer å gå føre med eit godt eksempel ved å vise at vi tek oppfølginga av OSSE sine oppmodingar i etterkant av valet på alvor, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

OSSE la fram sin Election Assessment Mission rapport den 27. november etter valet i fjor haust. Organisasjonen retta samstundes ein førespurnad til Noreg om å bidra til å etablere ein praksis for oppfølging av valobservasjonsrapportar.

– Vi bidreg gjerne til å vere eit føregangsland på dette området, seier statsråden. – Vi håpar den nye praksisen for oppfølging vil bli ei god rettesnor og vere rettleiande for dei andre deltakarlanda.

Som eit ledd i denne oppfølginga har det vore fleire møter mellom OSSE og departementet der føremålet mellom anna har vore å få innspel frå OSSE sine valekspertar rundt eventuelle endringar i norsk valregelverk.

- Eg er glad for at OSSE konkluderte med at norske val er prega av respekt for grunnleggjande fridom og rettar og høg grad av tillit til valordninga, seier Navarsete.

I juni vil Noreg også presentere oppfølgingsrapporten og erfaringar for dei andre deltakarlanda gjennom møte med OSSE sin Human Dimension Committee og Permanent Council i Wien. 

Departementet har i dag sendt på høyring enkelte forslag til endringar i vallova. Forslaga vert fremja som ei følgje av merknader frå OSSE og departementet si eiga evalueringa av valet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.