Historisk arkiv

Forslag til endringar i vallova på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innbyggjarane skal få sleppe å stå på politiske vallister om dei ikkje ønskjer det. Dette er blant forslaga Kommunal- og regionaldepartementet no sender ut på høyring.

Innbyggjarane skal få sleppe å stå på politiske vallister om dei ikkje ønskjer det. Dette er blant forslaga Kommunal- og regionaldepartementet no sender ut på høyring.

Departementet sender i dag på høyring nokre forslag til endringar i vallova. Forslaga blir fremja på bakgrunn av departementet si eiga grundige evaluering av stortingsvalet i 2009 og merknadar frå OSSE som for fyrste gong observerte eit norsk stortingsval.

- Tillit til valgjennomføringa er avgjerande viktig for demokratiet vårt. Derfor føreslår vi endringar vi meiner gjer valordninga vår endå betre, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Departementet føreslår å gjere endringar i plikta til å stille til val. I dag har ein plikt til å stille til val dersom ein blir nominert, sjølv om ein ikkje ønskjer det. For å krevje fritak frå dette, må ein i realiteten melde seg inn i eit anna politisk parti enn den lista ein er ført opp på. OSSE meiner dette kan vere i strid med internasjonale prinsipp som foreinings- og organisasjonsfridom. Departementet føreslår at ein kan krevje fritak dersom lista ein er sett opp på representerer eit politisk syn som er i strid med eins eige utan å måtte melde seg inn i eit anna parti.

Det er viktig at dei som har ansvaret for gjennomføring av valet opptrer upartisk, og at veljarane har tryggleik for at dette er tilfelle. Departementet vil derfor vurdere om lova bør endrast slik at listekandidatar ikkje lenger kan sitje i stemmestyra eller gjere teneste som stemmemottakarar i vallokala. I høyringa ber ein om innspel frå kommunane på dette punktet.

Det blir vidare føreslått å krevje at valurner skal forseglast på valdagen. I dag er det berre krav til forsegling ved transport og oppbevaring og ved førehandsrøystinga. Departementet er einig med OSSE i at denne praksisen kan vere i strid med internasjonale standardar.
 
OSSE ber også om at Noreg vurderer fordelinga av mandata mellom dei ulike valkrinsane. Det blir ikkje gjort framlegg om endringar på dette punktet. Berekninga som ligg til grunn for fordelinga tek omsyn til representasjon knytt til både geografi og politikk.

- Det har vore semje i norsk politikk om at distrikta høvesvis skal vere sterkare representert enn meir sentrale strok. Grunngjevinga finn vi i politiske, kulturelle og næringsøkonomiske tilhøve. Innbyggjarane skal bli høyrde uavhengig av kvar dei bur, seier Navarsete.

Etter vallova skal det gjerast nye mandatberekningar kvart åttande år for å fange opp endringar i busettingsmønsteret. Neste berekning vil skje våren 2012, altså før stortingsvalet i 2013.

Høyringsfristen er sett til 1. september 2010.