Dei inviterte gründarane skal gje statsråd Navarsete konkrete innspel med forslag til tiltak, som kan vere realistiske å gjennomføre.

- Eg hadde eit godt og konstruktivt møte. Eg har allereie fått gode innspel og tankar om kva som kan gjerast  for å leggje tilhøva betre til rette for å få fleire gründerar i heile landet. Finansiering, rettleiing og nettverk var tema som blei drøfta. Dette lovar godt, eg er viss på at dette blir nyttige innspel mellom anna til den kommande distrikts- og regionalmeldinga, seier kommunal- og regionalminster Navarsete.

Rådet skal vere ferdig i første kvartal 2012.

Medlemmane i rådet er:
• Alexander Kjølstad, Steinkjer
• Håvard Halvorsen, Sogndal
• Sarita Sehjpal, Kristiansand
• Jens Martin Johnsrud, Sør-Odal
• Jeanette Johansen, Værøy
• Silje Vallestad, Bergen
• Stine Mølstad, Ringsaker
• Andreas Wiese, Luster
• Tor Jo Meyer, Klype
• Anders Mjåset, Oslo.

Sjå biletete frå det første møtet her: