Historisk arkiv

Studentkonkurranse for global helse og utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

FNs generalforsamling skal i løpet av året vedta nye, globale bærekraftsmål for dei neste femten åra. Utanriksdepartementet inviterer studentar til ein konkurranse om gode idear for utdanning av unge jenter. Konkurransen er ein del av «Visjon 2030»-prosjektet for global helse og utdanning.

«Visjon 2030» er eit initiativ som blei tatt av utanriksminister Børge Brende i   samarbeid med helse- og omsorgsministeren og kunnskapsministeren i fjor   haust. Målsettinga er å bidra til nye, ambisiøse mål for helse og utdanning   globalt fram mot 2030. Norsk næringsliv og fagmiljø blei i september inviterte til innovasjonsdugnad for korleis Noreg  kan bidra. Til saman 116 forslag har kome inn.

No er det studentar registrerte i Noreg som blir inviterte til å bidra. Innovasjonskonkurransen går ut på å lage eit visuelt konsept for ein smarttelefon-app som skal bidra til å auke kunnskapen blant unge kvinner om deira rett til å bestemme over eigen kropp.

- Innovasjon og nytenking er viktig for å oppnå bærekraftsmåla. Vårt håp er at tematikken vil inspirere studentar til å gje oss kreative forslag til korleis vi kan oppnå måla våre. Det er studentane som sit på morgondagens løysingar, seier utanriksminister Børge Brende

Vinnaren av innovasjonskonkurransen blir presentert på «Visjon 2030»-konferansen i Trondheim 3. mars. Les meir om konkurransen og om «Visjon 2030». 

Pressekontakt: Astrid Versto, 901 92 920