Kongsberg skal levera anti-drone-system til Ukraina

Kongsberg Defence & Aerospace har fått kontrakt på å levera eit nyutvikla anti-drone-system til Ukraina for 740 millionar kroner. Russiske droneangrep er ei stor utfordring i Ukraina, som gjer denne leveransen høgt etterspurd.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram, adm dir i Kongsberg Eirik Lie, ordførar i Kongsberg Kari Anne Sand
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram, adm dir i Kongsberg Eirik Lie, ordførar i Kongsberg Kari Anne Sand Foto: FD

– Her ser vi resultatet av godt samarbeid mellom Forsvaret og industrien som viser evne til å tenkja nytt og innovativt. Dette vil bidra til å redda ukrainske liv, og er viktig i Ukrainas motstand mot Russlands brutale angrepskrig, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Leveransen av anti-dronesystemet er finansiert gjennom det britisk-leidde International Fund for Ukraine (IFU) der Noreg er ein stor bidragsytar.

- Dette vil styrkja ukrainsk anti-drone-kapasitet signifikant og bidra til å verna ukrainsk befolkning og infrastruktur, seier administrerande direktør Erik Lie i Kongsberg DA.

Cortex Typhon C-UAS er eit nyutvikla antidronesystem sett saman av komponentar frå Teledyne Flir, Kongsberg og pansra køyretøy. Forsvaret har donert Dingo-vogner, maskingevær og ammunisjon til systemet.

- Vestleg støtte er heilt avgjerande for at Ukraina skal kunna slå tilbake Russlands brutale invasjon. Noreg har gitt stor støtte til Ukraina etter invasjonen, og regjeringa vil halda fram med støtta så lenge det trengst, seier Gram.