500 000 kroner til sentrumsområdet i Tuddal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 18.03.2009
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 500 000 kroner til prosjektet "Frå bygd til landsby" i Tuddal.
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 500 000 kroner til prosjektet "Frå bygd til landsby" i Tuddal.
Prosjekteigarar Hjartdal kommune og Tuddal turistutvikling skriv mellom anna i sin søknad: ”Vi ønskjer å utvikle sentrumsområdet i Tuddal til å vere ein vital og moderne fjellandsby med stor heilårleg attraksjonsverdi som bustad, fritidsstad og reisemål.”
Pilotprosjektet ”Frå bygd til landsby” er eit spennande prosjekt som tek utgangspunkt i Tuddal sitt ønskje om å utvikle staden mellom anna ved å lage ein visuell modell som grunnlag for utforming av sentrum. Dei ønskjer særleg å mobilisere dei unge i dette arbeidet.
- Eg er spent på lærdomen frå dette prosjektet, og om den kan brukast også i andre kommunar. Kultur og opplevingar betyr mykje for folk, uansett kvar i landet ein bur, seier statsråd Kleppa.
Pilotprosjektet inngår i ei større nasjonal satsing. Kommunal- og regionaldepartementet har satt kulturbasert stadutvikling på dagsorden som ein naturleg del av ein heilskapleg distrikts- og regionalpolitikk.
Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.