Presseinvitasjon

Næringsministeren inviterer til pressefrukost

Næringsminister Jan Christian Vestre ønskjer å invitere presse og kommentatorar til pressefrukost om status for regjeringas aktive næringspolitikk.

Næringsministeren kjem til å gå igjennom næringspolitikken som har blitt ført dei siste to årene og gjere opp status på lovnadene i Hurdalsplattformen, samt peike på kva deler av næringspolitikken som vil være viktige for regjeringa dei kommande åra.  

Pressefrukosten er meint for å gi bakgrunnsinformasjon til presse og kommentatorar som er oppteken av næringspolitikk. Det vert også høve til å stille spørsmål om andre politiske saker.

Praktisk informasjon:

Tid: Fredag 13.oktober, klokken 09:00 – 10:30

Sted: Mesh Nationaltheatret, Tordenskioldsgate 2

Frist for påmelding: torsdag 12.oktober kl.12:00 

Påmelding: Presse som ønsker å delta ber vi melde seg på ved å sende e-post til sofie-dege.dimmen@nfd.dep.no Presiser om du også ynskjer intervju med næringsministeren.

Pressevakt i Nærings- og fiskeridepartementet når ein på telefon: 902 51 303 (ikkje sms)

Program:

09:00: Dørene opnast, frukost

09:10 – 09:20: Jan Christian Vestre ynskjer velkommen og gjer opp status

09:20 – 09:50: Samtale i plenum

09:50 – 10:30: Høve for intervju med næringsministeren etter påmelding