Historisk arkiv

1 million kroner til forenkling av utmarkforvaltninga i Lom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Vi er opptekne av å forenkle og forbetre utmarkforvaltninga, for å gjere det enklare for innbyggjarar, frivillige og næringsverksemder, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Lom kommune får no 1 million kroner for å forenkle utmarkforvaltninga. I prosjektet skal Lom kommune arbeide saman med Norsk fjellsenter, nasjonalparkforvalter Jotunheimen og Lom fjellstyre, for å utvikle vidare Norsk fjellsenter. Fjellsenteret skal bli den eine døra inn til utmarkforvaltninga for brukarane. Saksområdet for prosjektet omfattar motorferdsle, byggjesaker, søknadar knytt til landbruksnæring og bruksrettar i statsallmenning, og søknadar og rapportering for naturbasert reiseliv i verneområda. 

Gjennom prosjektet vil ein identifisere behov for kompetanseheving i dei ulike ledda i forvaltninga. Prosjektet vil ha klart brukarfokus. Overordna mål er å forenkle prosessane, slik at det blir frigjort tid til arbeid med lokal verdiskaping. Jotunheimen nasjonalpark har svært mange besøkjande kvart år. Det er om å gjere at det potensialet som ligg i denne trafikken blir brukt til lokal, berekraftig verdiskaping.

Prosjektet er ein del av departementet si forsøksordning for forenkling av utmarkforvaltninga.

– I Lom kommune er utmarkressursane viktige for utvikling av arbeidsplassar og næringsverksemd. Eg kjem til å følgje spent med på kva dei får til i prosjektet, og ynsker dei lykke til med gjennomføringa, seier Sanner.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00