Statsbudsjett 2019:

10 millionar kroner til ordboksarbeid

Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) kjem i år inn på statsbudsjettet, med eit tilskot på 2 millionar kroner. 2 millionar kroner går òg til Universitetet i Bergen sitt arbeid med å digitalisere Norsk Ordbok (NO).

– Norsk språk blir dokumentert i dei store digitale ordbøkene, Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) og Norsk Ordbok (NO). Det er viktig at slik dokumentasjon av norsk held fram, og at ordbøkene blir digitalt tilgjengelege, seier kulturminister Trine Skei Grande.

– Moderne ordbøker er digitale. Dei er ikkje lenger noko eit fåtal av oss har i bokhylla, men ein levande infrastruktur for norsk språk. Norsk språk er vår fremste berar av kultur. Korleis vårt kollektive minne har vorte til, ser vi av brukseksempla frå litteraturen, avisspråket og dialektane – kjelder til norsk språk. Dokumentasjon av norsk språk er ei nasjonal oppgåve for oss som kulturnasjon, seier kulturministeren.

Ordbøker som gjer greie for språket slik det er brukt i dag og tidlegare, blir kalla dokumentasjonsordbøker. Regjeringa gjer framlegg om eit tilskot på 2 millionar kroner til vedlikehald av Det Norske Akademis Ordbok (NAOB), ei moderne, digital dokumentasjonsordbok for bokmål. Vidare foreslår regjeringa at 2 millionar kroner går til arbeidet med å digitalisere ei dokumentasjonsordbok for nynorsk (Norsk Ordbok) ved Universitetet i Bergen.

Det er foreslått til saman 10 millionar kroner til ordboksarbeid i 2019.  I 2018 har Språkrådet og Universitetet i Bergen samarbeidd om å revidere rettskrivingsordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Prosjektet blir vidareført med 6 millionar kroner i 2019.

Til toppen