13 millionar kroner i potten til prosjekt for kompetanse og næringsutvikling
Nyheit | Dato: 24.09.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruksdirektoratet lyser ut 13 millionar kroner til kompetanse- og næringsutvikling i landbruket. Denne gongen skal det satsast på mellom anna på produksjon og marknadsmoglegheiter for lokalmat- og drikke.
I tillegg til satsinga på lokalmat, er det òg prioritert å gje støtte til prosjekt som styrkjer rekruttering til utdanning, auka sjølvforsyning, frukt og grønt, økologisk landbruk og HMS-landbruk i landbruket. Midlane er likevel ikkje avgrensa til desse satsingsområdena.
I januar 2025 lanserte Landbruks- og matdepartementet «Oppskrift for mer lokalmat og lokal drikke» med føremål om å leggje til rette for å auke omsetnaden av lokalmat til 25 milliardar kroner innen 2035.
Prosjektmidlane er frå ordninga «Nasjonale tilretteleggingsmidlar» og går til kompetanse- og næringsutvikling med oppstart i 2026. Søknadsfristen er 23. oktober. Alle organisasjonar som ynskjer å bidra til verdiskaping i landbruket, og utvikle løsninger som kjem fellesskapet til gode, kan søkje.