Statsbudsjett 2019:

134 millionar kroner til momskompensasjon til frivillige organisasjonar

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til momskompensasjonsordninga med 134 millionar kroner. Dermed kjem ordninga opp i godt over 1,5 milliardar kroner.

– Dette er pengar som organisasjonane sjølv kan bruke i tråd med eigne prioriteringar, og er difor ein viktig grunnstøtte for organisasjonane. Dette støttar opp under regjeringa sin politikk for ein sterk og uavhengig frivillig sektor, seier kulturminister Trine Skei Grande. 

Denne regjeringa har auka ordninga med over 600 millionar kroner sidan 2013. Ordninga er den største tilskotsordninga over statsbudsjettet til frivillig sektor.

Stadig fleire organisasjonar nyt godt av ordninga. I 2018 mottok meir enn 23 000 organisasjonar pengar frå ordninga. Dei fleste ev dei er små lag og foreiningar. Dette bidrar til auka frivillig aktivitet over heile landet. Ordninga er enkel og ubyråkratisk og det er ikkje noko krav til rapportering for bruk av pengane.

Til toppen