Regjeringa tar pengespelproblem på alvor. Vi fører ein ansvarleg pengespelpolitikk som tar omsyn til dei som slit med pengespel. Gjennom handlingsplanen vil vi sikre at sosialpolitikken framleis har hovedfokus i spelpolitikken, seier kulturminister Trine Skei Grande.

- Hovudmålet i handlingsplanen er å redusere talet på speleavhengige her i landet. Handlingsplanen skal bidra til meir kunnskap om spel og speleproblem. Det er viktig å nå dei som har speleproblem så tidleg som råd slik at dei kan få god behandling, seier kulturminister Skei Grande.

Frivillige organisasjonar som arbeider med speleavhengige har ei viktig rolle i dette arbeidet. Handlingsplanen mot pengespelproblem omfattar òg tiltak som informasjonsarbeid mot utsette grupper, forsking, og undersøkingar om spelvanar. Det førebyggjande arbeidet i helsetenesta skal også styrkjast. Handlingsplanen er eit samarbeid mellom Medietilsynet, Noregs forskingsråd, Lotteritilsynet, Helsedirektoratet og frivillige organisasjonar

Den nye handlingsplanen mot pengespelproblem er den femte i rekka sidan 2005.

Handlingsplan mot speleproblem