Historisk arkiv

1,6 milliardar i momskompensasjon til frivillige organisasjoner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I desse dagar får nesten 22 000 organisasjonar over 1,6 milliardar kroner frå momskompensasjonsordninga. Det er ein auke på 200 millionar kroner frå i fjor.

Dette er pengar som organisasjonane kan bruke fritt  Det høge talet på mottakarar viser at ordninga når heile breidda av frivillige organisasjonar. I år får mottakarane tildelt meir enn 80 prosent av godkjent søknadssum mot 74,5 prosent i fjor.

- Meir enn 90 prosent av mottakarane er regionale og lokale lag. Det betyr meir pengar til lokal aktivitet. Frå og med 2019 er berekningsmodellen for ordninga justert. Dette kjem spesielt små lag og foreiningar til gode, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

- Regjeringa vil sikre frivillige organisasjonar gode rammevilkår og breitt handlingsrom. Frå 2013 og fram til no har regjeringa auka løyvingane til frivillige organisasjonar med meir enn 700 millionar kroner. Dette har gitt eit stort løft og eit trygt fundament for framtida, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Lenkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet si nettside "Tal og rapportar - momskompensasjon"