– I år betyr desse frie midla ekstra mykje. Organisasjonane kan bruke dei til å oppretthalde aktivitet. Dette betyr mykje for aktivitet i nærmiljøa sidan nesten 95 prosent av mottakarane er regionale og lokale lag, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Ordninga når heile breidda av frivillige organisasjonar. I år får mottakarane 81 prosent av godkjent søknadssum. Samanlikna med i fjor får barne- og ungdomsorganisasjonane ein samla auke på 13 prosent, kunst- og kulturorganisasjonar ein auke på fem prosent, trus- og livssynsorganisasjonar fire prosent og idrett ein auke på tre prosent.

– Regjeringa har foreslått ei bevilling på 1,8 milliardar kroner til ordninga i 2021. Med det har regjeringa auka ordninga med meir enn 855 millionar kroner sidan 2013. Slik har vi innfridd løftet i Frivilligheitsmeldinga og gitt frivillige organisasjonar føreseieleg kår, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Sjå tala for 2020 på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet