Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjett 2019:

175 millionar kroner til Kunstsiloen i Kristiansand

Regjeringa gjer i budsjettforslaget for 2019 framlegg om tilsegn på til saman 175 millionar kroner i investeringstilskot til Sørlandets Kunstmuseum i Kristiansand. Av dette blir det foreslått 10 millionar kroner løyva i tilskot i 2019.

– Eg er glad for at regjeringa kan vera med og leggja til rette for at Sørlandets Kunstmuseum kan forvalte og formidle denne unike samlinga av modernistisk kunst på godt vis. Dette prosjektet vil ikkje berre bidra til å løfta kulturlivet i Kristiansand og regionen rundt, men også til at Sørlandet får ei svært sentral rolle i det norske kunstlandskapet. Dette vil koma lokalt næringsliv, reiseliv og samfunn elles til gode, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Pengane skal gå til oppgradering av ein eldre kornsilo på Odderøya, opprinneleg teikna av arkitekt Arne Korsmo. Bygget skal mellom anna huse den unike samlinga av modernistisk kunst frå heile Norden i perioden 1930–1980, donert av finansmann og kunstsamlar Nicolai Tangen.

Sørlandets Kunstmuseum søkte opprinneleg Kulturdepartementet om ein auke i driftstilskot for å kunna handtera eit større låneopptak for finansiering av ombygginga av Kunstsiloen. Regjeringa foreslår i staden eit investeringstilskot på 175 millionar kroner, noko som gjer at kunstmuseet får eit mykje lågare lånebehov og ein meir føreseieleg økonomi som er mindre avhengig av rentenivået.

Til toppen