Mange kommunar melder om ein krevjande økonomisk situasjon etter svake resultat i 2024. Regjeringa har bidratt til at sektoren har fått rekordhøg vekst i frie inntekter i 2025 på om lag 15 milliardar kroner.

− Vi skal fortsetje å styrkje kommuneøkonomien, slik at kommunane kan levere gode tenester til sine innbyggjarar innanfor skole, barnehage og eldreomsorg også i framtida. 4,2 milliardar kroner i 2026 vil styrke den økonomiske situasjonen i kommunesektoren og gi kommunesektoren eit handlingsrom utover meirkostnadar til demografi på 1,3 milliardar kroner, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene til Oslo som kommune og fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2025 til 2026. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2025. 

For å gjere inntektsnivået i 2025 samanliknbart med inntektsnivået i 2026, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. 

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent. Veksten til fylkeskommunane må òg sjåast i samanheng med at endringane i inntektssystemet for fylkeskommunane blir vidare fasa inn og får ¾ verknad i 2026. Veksten til kommunane må sjåast i samanheng med vidare innfasing av endringar i inntektssystemet. I anslaget på inntektsnivået i 2025 og 2026 er det teke omsyn til endringane i skatteelementa som gradvis blir innført over to år, i 2025 og 2026.

 

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2026 og nominell vekst frå 2025 til 2026

Kommune/fylkeskommune

Anslag på frie inntekter 2026

Anslag på vekst 2025-2026

Anslag på vekst 2025-2026

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

(pst.)

 

1

2

3

       

0301 Oslo

55 762 476

1 903 025

3,5

       

Oslo fylkeskommune

10 717 765

376 849

3,6

Tabellforklaring:

Første kolonne:

Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2026, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:

Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2025 til anslag for 2026 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:

Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.