Historisk arkiv

360 millionar til tidleg innsats i skolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å bruke 360 millionar kroner årleg på tiltak for tidleg innsats i skolen, og styrker arbeidet med realfag og mobbing.

– Mange elevar i norsk skole lærer ikkje nok. Dei blir hengande etter allereie i dei første åra på skolen. Dei klarer ikkje å ta igjen forspranget til klassekameratane, og ekstra ressursar blir ofte sette inn altfor seint. Dei vil ha vanskar med å fullføre vidaregåande opplæring. Derfor må vi ta tidleg grep for å fange opp dei som slit, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa vil foreslå at kommunane i større grad blir forplikta til å auke innsatsen for elevar som slit med å knekke lesekoden, eller som treng ekstra oppfølging for å komme på nivå med klassekameratane. Kunnskapsministeren vil våren 2017 sende ut til høyring eit lovforslag om ei forsterka plikt til å følge opp elevane på dette området.

Regjeringa foreslår i statsbudsjett for 2017 at det for skoleåret 2017–18 blir brukt 360 millionar kroner på tidleg innsats. Det betyr til saman 1,4 milliardar kroner i dei neste fire skoleåra.

Våren 2017 legg regjeringa fram ei melding til Stortinget der tidleg innsats er eit viktig tema.

35 millionar til tiltak mot mobbing

Regjeringa styrker arbeidet mot mobbing i skolar og barnehagar, og foreslår å bruke ytterlegare 35 millionar kroner på dette. Totalt blir innsatsen 75 millionar kroner i 2017. Hausten 2016 startar ei kompetansesatsing mot mobbing i barnehagar og skolar. Mellom anna vil skolane med dei største utfordringane få tilbod om ekstern rettleiing. Denne satsinga vil bli ytterlegare styrkt i 2017. Nyleg lanserte kunnskapsministeren nettstaden nullmobbing.no, som er utvikla for å gi barn, unge og foreldra deira informasjon om mobbing og rettane deira. Han vil òg vurdere å gjere det mogleg å gi dagsbøter til skolar og kommunar som ikkje følger opp mobbesaker godt nok. 

30 millionar til realfagssatsing

Regjeringa vil at fleire elevar skal lære det mest grunnleggande i matematikk og naturfag, og slik sikre at Noreg har den realfagskompetansen som trengst for å klare omstillinga av norsk økonomi. Derfor fører regjeringa vidare satsinga på realfag i skolen, og vil blant anna etablere fleire realfagskommunar i 2017. Med ein auke på 30 millionar kroner vil regjeringa i 2017 bruke om lag 80 millionar kroner på realfagssatsinga.

Til nå er det etablert 45 realfagskommunar over heile landet som arbeider systematisk med matematikk og naturfag heilt frå barna startar i barnehagen, til dei går ut av vidaregåande skole. 

1,3 milliardar til vidareutdanning

Gode lærarar med solid fagleg tyngde er den viktigaste enkeltfaktoren for at elevane skal lære meir på skolen. Derfor fører regjeringa vidare den historiske satsinga på å gi lærarar vidareutdanning. Satsinga gir rom for om lag 5 000 plassar til vidareutdanning i studieåret 2017–18.