Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2019:

400 millionar til klimainvesteringar

Regjeringa foreslår å gi 400 millionar kroner til selskapet Nysnø Klimainvesteringer AS i 2019.

– Dette vil gjere det mogeleg med auka investeringar i bedrifter som utviklar klimavennlege produkt og tenester, og vi håpar det i framtida vil resultere i fleire grøne arbeidsplassar, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Verdsmarknaden for berekraftige lavutsleppsløysingar er i rask vekst. Nysnø skal bidra til lågare utslepp, og til at nyskapande norske bedrifter utnytter mogelegheitene i det grøne skiftet.

Selskapet skal investere, saman med private medinvestorar. Nysnø kan investere i unoterte selskap, både direkte eller gjennom fond. Selskapet skal sikte mot lønnsame investeringar.

Nysnø blei etablert i 2018 og held til i Stavanger. Kapitalen i selskapet skal byggast opp over tid. I statsbudsjett for 2018 fekk selskapet 200 millionar kroner. Med forslaget om 400 millionar kroner i 2019-budsjettet kan selskapet dermed investere for totalt 600 millionar kroner i år og neste år.  

Til toppen