Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

50 millionar meir til mediestøtte og ny finansieringsmodell for NRK

Regjeringa foreslår å auke produksjonstilskotet og innovasjonstilskotet til nyheits- og aktualitetsmedia i statsbudsjettet for 2020. Samtidig vert kringkastingsavgifta avvikla og erstatta med finansiering over statsbudsjettet.

På mediefeltet er det fleire løft i regjeringas forslag til 2020-budsjett:

Produksjonstilskotet aukar med 40 millionar til 358 millionar kroner for 2020

Tilskotet aukar med 30 millionar, i tillegg kjem 10 millionar til justering i takt med pris- og lønsvekst. I Stortingsmeldinga Mangfald og armlengds avstand – Mediepolitikk for ei ny tid varsla regjeringa at mediestøtta i framtida i større grad skal framheve lokalmedia.

– Lokalmedia er viktige for demokratiet og mange har behov for innovasjon og digital omstilling. Ved å omfordele produksjonstilskotet i favør av små lokalaviser vil regjeringa leggje til rette for lokal media i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Innovasjonstilskotet aukar med 10 millionar

Regjeringa foreslår å auke innovasjon- og utviklingsstilskotet til nyheits- og aktualitetsmedia med 10 millionar kroner i 2020, som følgje av endringar i postlova. Tilskotsordninga blei oppretta i 2018. Ordninga skal fremje mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling hos nyheits- og aktualitetsmedia.

– I tillegg til kjøp av avisdistribusjon vil regjeringa auke innovasjonstilskotet i ein overgangsperiode. Kulturdepartementet vil sørgje for at digitalisering og omstilling i aviser som i særleg grad merkar endringane i postlova blir eit prioritert formål i ordninga, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Auka løyving til Medietilsynet

Medietilsynet skal i 2020 førebu og gjennomføre ei omlegging av mediestøtteordningane. Dette skal mellom anna gjerast gjennom å bidra til etablering av Mediestøtterådet. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til Medietilsynet med 1 million kroner i dette føremålet.

Ny finansieringsmodell for NRK 5,7 milliardar kroner

Kringkastingsavgifta vert avvikla 1. januar 2020 og frå same tidspunkt skal NRK finansierast ved tilskot over statsbudsjettet.  Regjeringa foreslår eit tilskot på vel 5,7 milliardar kroner til NRK i 2020. Fordi meirverdiavgiftsplikta for NRK er foreslått vidareført blir det totale tilskotet på 6,4 milliardar kroner.

– Dette er viktig for å sikre ein framtidsretta finansieringsmodell for eit uavhengig NRK. Denne modellen vil i større grad enn lisensordninga ha ein sosial profil, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Regjeringa vil innføre fireårige styringssignal for den økonomiske ramma for NRK. For perioden 2020-2022 foreslår regjeringa at den økonomiske ramma for NRK vert justert årleg i takt med pris- og lønsvekst, minus eit effektiviseringskrav på 0,5 prosent.

Til toppen