Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa styrker forsking og innovasjon for grøn omstilling

Forsking og innovasjon for grøn omstilling styrkast med 50 millionar kroner. Klimautfordringane og tap av naturmangfald må sjåast i samanheng.

Rapportane frå Klimapanelet og Naturpanelet viser at klimautfordringane og tap av naturmangfald må sjåast i samanheng. Dette gjeld både på land og i havet. Fordi klima- og miljøutfordringane er komplekse og tverrfaglege, treng vi meir kunnskap og forsking.

- Forsking og innovasjon er nødvendig for grøn omstilling og overgang til lågutsleppsamfunnet. Vi treng felles kunnskapsgrunnlag på tvers av sektorane for å ta gode og heilskaplege avgjerder.  Løyvinga til Forskingsrådet styrkast difor med 40 millionar kroner, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Føregangsland

Regjeringa har som mål at Noreg skal vere eit føregangsland i utviklinga av ein grøn og sirkulær økonomi. I langtidsplanen for forsking og høgare utdanning seier regjeringa at ho  vil satse på forsking og innovasjon som bidreg til å nå klima- og miljømåla og fremmer grøn omstilling, konkurransekraft og økt innovasjon. Vi treng berekraftige byar som tek omsyn til lågutslepp, helse, natur og kulturmiljø samla.

Overgangen til lågutsleppsamfunnet vil innebere store endringar. Det er behov for rask omstilling og utvikling og bruk av ny teknologi for å minke klimagassutsleppa. Samstundes  ligg det store moglegheiter for næringslivet i å utvikle desse løysingane.

Auka grunnløyving til miljøinstitutta

Grunnløyvinga til miljøinstitutta* blir styrka med 10 millionar kroner. Miljøinstitutta skal fremme grøn omstilling i samarbeid med offentleg og privat sektor.

- Miljøinstitutta i Noreg utviklar ny kunnskap for klima- og miljøpolitikken og er fødselshjelparar for nye næringar. Langsiktig kompetansebygging er viktig for auka kunnskap knytt til samansette og krevjande forskingsutfordringar, seier Rotevatn.

 

*Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og delar av forskingskonsernet NORCE.

Relatert:

Meld. St. 4 (2018-2019) Regjeringens langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2018-2028