Statsbudsjettet 2018:

600 millionar meir til langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Regjeringa vil ha meir og betre forsking for å skape framtidsretta jobbar. Ho foreslår å auke løyvingane til oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning med 600 millionar kroner i 2018. Løyvingane til forsking og utvikling (FoU) aukar med om lag 300 millionar kroner og utgjer 1,04 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP).

– Ei sterk satsing på forsking og utvikling vil skape eit meir konkurransedyktig næringsliv og gi fleire grøne, framtidsretta og nyskapande jobbar, seier kunnskapsminister Henrik Asheim.

 Med forslaget til statsbudsjett for 2018 vil løyvingane til dei varsla opptrappingane og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen ha auka med totalt 2,9 milliardar kroner i perioden 2015–18. Realveksten i perioden 2013–18 har i snitt vore 3,0 prosent per år til forsking og utvikling (FoU), og løyvingane utgjer 1,04 prosent av BNP i 2018.

Fullfører opptrappinga i langtidsplanen

I 2014 la regjeringa fram Noregs første langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Han stakar ut kursen fram mot 2024, og har konkrete planar for opptrapping på viktige område. Langtidsplanen har tydelege prioriteringar for kor veksten i offentlege løyvingar til forsking skal komme i dei næraste åra.

Av dei 600 millionar kronene foreslår regjeringa å auke løyvingane til forskingsinfrastruktur med 175 millionar kroner, og 79 millionar kroner til å stimulere til større deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Vidare vil regjeringa bruke om lag 350 millionar kroner til å styrke dei seks langsiktige prioriteringane i langtidsplanen. Desse er «Hav», «Eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv», «Verdsleiande fagmiljø», «Mogleggjerande teknologiar», «Klima, miljø og miljøvennleg energi» og «Fornying i offentlig sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester».

– Med dette budsjettet fullfører regjeringa planane om opptrapping i langtidsplanen. Sidan 2015 har det gitt oss 557 nye forskarstillingar, 400 millionar kroner til vitskapleg utstyr og 400 millionar kroner til større deltaking i forskingssamarbeidet i EU, seier Asheim.

Nytt bygg for livsvitskap

Regjeringa foreslår også ei startløyving på 50 millionar kroner til eit bygg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo. Livsvitskap og bioteknologi er blant satsingsområda til regjeringa for å styrke innovasjon og konkurranseevne og for å møte store samfunnsutfordringar. Denne satsinga skal gi betre medisinar, betre folkehelse, meir fornybar energi og berekraftig matproduksjon.

– Det nye bygget for livsvitskap skal skape vekst. Det skal bidra til å utvikle eit leiande tverrfagleg fagmiljø for forsking, utdanning og innovasjon. Det vil sikre Noreg internasjonal konkurransekraft på området, seier kunnskapsministeren.