– Idretten er ein av våre viktigaste arenaer for fellesskap og inkludering. Gjennom tilskotet til NIF ønskjer vi å sikre at flest mogleg får høve til å delta, uavhengig av bakgrunn og økonomi, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

NIF har ei sentral rolle i å skape gode rammer for breiddeidrett og toppidrett, og tilskotet skal understøtte dette arbeidet. Som ein del av årets tilskot har Kultur- og likestillingsdepartementet bedt NIF om å gå gjennom organisasjonen for å identifisere moglegheiter for effektivisering.

– Med tildelinga har vi òg bedt NIF om å sjå på korleis organisasjonen kan effektiviserast. Det handlar om å bruke ressursane best mogleg, slik at mest mogleg skal gå til aktivitet og verdiskaping i idretten, understrekar statsråden.

Antidoping Norge

Antidoping Norge (ADNO) får et tilskot på 51 millionar kroner for 2026.  ADNO skal i gang med nye oppgåver for å innarbeide eit revidert internasjonalt regelverk for antidoping i det norske regelverket (WADA-kode).

Tilskotet til Antidoping Norge skal bidra til å styrkje arbeidet for ein rein idrett og sikre at Noreg framleis er i front internasjonalt når det gjeld antidopingarbeid.

– Ein rein idrett er avgjerande for tilliten til norsk idrett. Med nye oppgåver til Antidoping Norge styrkjer vi arbeidet med førebygging og kontroll, seier kultur- og likestillingsministeren.

Tverga

Tverga får 11,5 millionar kroner for 2026. Tilskotet skal bidra til å vidareutvikle arbeidet med å støtte og rettleie sjølvorganisert idrett. Organisasjonen har ei viktig rolle i å skape aktivitetstilbod som treff ungdom og grupper som ikkje alltid finn seg til rette i tradisjonelle idrettslag. - Sjølvorganisert idrett gir fridom og fleksibilitet, og er ein viktig inngang til aktivitet for mange. Gjennom tilskotet til Tverga ønskjer vi å styrkje dette tilbodet, seier statsråden.