Statsbudsjettet

Statsstipend til Anne Margrethe Helgesen og Geir Uthaug

Regjeringa foreslår at nye statsstipend blir tildelt Anne Margrethe Helgesen og Geir Uthaug. Stipenda er på 429.700 kroner per år.

Regjeringa foreslår at nye statsstipend blir tildelt Anne Margrethe Helgesen og Geir Uthaug. Stipenda er på 429.700 kroner per år.

Anne Margrethe Helgesen (f. 1955) har ei sentral rolle for kunstforma figurteater. Ho er både utøvar, teaterleiar, regissør, forskar, journalist og forfattar. Ho etablerte og driv den frie gruppa ”Kattas Figurteaterensemble” i Tønsberg. Som forskar har Anne Helgesen bidratt til ny kunnskap om norsk figurteater si historie. Ho har òg utgitt fleire barnebøker.

Geir Uthaug (f. 1950) har eit breitt virke som forfattar, lyrikar, gjendiktar og litteraturformidlar. Han gav i Wergeland-året 2008 ut den store Wergeland-biografien ”Et verdensdyp av frihet”, og har gjendikta fleire store engelske romantikarar, frå William Blake til Lord Byron.