Aldri vore fleire fagskulestudentar
Pressemelding | Dato: 11.06.2026 | Kunnskapsdepartementet
I 2025 var det 36 100 studentar ved fagskulane i Noreg, det høgaste talet nokon gong. Veksten er størst innan tekniske fag og helse- og velferdsfag.
Det viser Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2026 som blir lagt fram i dag.
– Arbeidarparti-regjeringa har satsa stort på fagskuleutdanninga, for å gi arbeidslivet meir av kompetansen som manglar. Då er det gledeleg å sjå at utviklinga går rett veg, og at stadig fleire tek høgare yrkesfagleg utdanning på dei fagområda som både privat og offentleg sektor har etterspurt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Kraftig vekst sidan 2021
Sidan Støre-regjeringa tiltredde i 2021, har fagskulane fått eit løft gjennom styrkt finansiering og fleire studieplassar. Dette gir meir handlingsrom for fagskulane og fleire karrierevegar for fagarbeidarar.
Det har gitt positiv utvikling:
- Fleire studentar. I 2025 var det 36 100 fagskulestudentar. Det er ei auking på seks prosent frå 2024 og 28 prosent frå 2021.
- Fleire utdanningstilbod. Hausten 2025 var det 456 unike utdanningstilbod ved fagskulane, opp frå 419 hausten 2024.
- Fleire uteksaminerte. I 2025 vart 14 200 kandidatar uteksaminerte frå fagskulane. Det er ei auking på 9 prosent frå 2024 og 44 prosent sidan 2021.
Tekniske fag og helse- og velferdsfag størst
Tekniske fag er framleis fagområdet med flest studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Dette fagområdet hadde om lag 11 600 studentar i 2025, ei auking på 8 prosent frå 2024 og 37 prosent frå 2021.
Helse- og velferdsfag hadde nest flest studentar med 9 500 studentar i 2025, opp 13 prosent frå 2024 og 55 prosent frå 2021.
Økonomi- og administrasjonsfag er det tredje største fagområdet med 6 700 studentar, ei auking på 10 prosent frå 2024 og 26 prosent frå 2021.
IT-fag er det fjerde største fagområdet med 3 700 studentar i 2025, ned tre prosent frå 2024.
Dei fleste studerer deltid
Nokre andre tal frå rapporten:
- 76 prosent studerte deltid, opp frå 74 prosent i 2024.
- 77 prosent av studentane tek nett- eller samlingsbaserte utdanningar, opp frå 72 prosent i 2024.
- Snittalderen til studentane er 34 år, ei auking på tre år frå 2017. Studentane kombinerer ofte studiar med jobb på sidan.
- Dei fleste studentane, 79 prosent, var meldt opp til ei gradsutdanning på 60 studiepoeng eller meir. 11 prosent var meldt opp til eit utdanningstilbod på 30–59 studiepoeng, og 10 prosent til eit utdanningstilbod på under 30 studiepoeng.
- 55 prosent av dei nye studentane i 2025 vart tekne opp på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse, 22 prosent på grunnlag av realkompetanse, og om lag 20 prosent på grunnlag av generell studiekompetanse.
– Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2026 viser ein sektor i tydeleg utvikling. Vi ser vekst i studenttal, fleire og meir fleksible utdanningstilbod og ei sterk kopling til kompetansebehova i arbeidslivet. Rapporten gir eit viktig kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling og politikkutforming på området, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som står bak rapporten.
Meir om rapporten
- Fagskular tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning som gir praktiske ferdigheiter og kompetanse tett kopla til arbeidslivet.
- I 2025 var det 36 100 studentar i fagskulane. Dette er ei auking på seks prosent frå 2024, 28 prosent frå 2021 og 130 prosent frå 2017.
- Det var 18 800 studentar (52 prosent) ved dei 43 private fagskulane, og 17 300 studentar (48 prosent) ved dei 18 offentlege fagskulane.
- Fagskuleutdanningar kan bli tilbydd som heiltids- eller deltidsutdanningar, og dei kan ha utdanningsformer stadbasert, nettbasert eller nettbasert med samlingar.
- I 2025 var det 61 fagskular, 18 offentlege og 43 private, som tilbaud utdanning på 188 studiestader.
- Trenden viser færre små og fleire store fagskular. Sidan 2017 har talet på fagskular med 100 studentar eller færre gått ned, medan fagskular med over 1 000 studentar har auka.