Alle fastlegar i landet kan no ta i bruk digitalt helsekort for gravide, og i mars blir det opna for helsestasjonar.

– Vi skal ha verdas mest digitaliserte helsetenester, og da kan vi ikkje lenger ha helsekort for gravide på eit slitt papirark. Det må vere digitalt. No er utrullinga i gang, og eg vil oppmode alle fastlegar og helsestasjonar i kommunehelsetenesten til å ta i bruk løysinga, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Sjukehusa er også i gang. I Helse Midt-Noreg RHF prøver dei allereie ut løysinga, og resten av landet følger etter i løpet av året. I løpet av 2027 skal løysinga vere tilgjengeleg for alle gravide som ønsker det.

Digitalt helsekort for gravide har vore ei lenge etterspurd løysing. Etter at utviklinga sto stille i årevis, har regjeringa sørga for at dette endeleg kommer på plass. Norsk helsenett, Helsedirektoratet og leverandørar av elektroniske pasientjournalsystem har arbeida godt saman på oppdrag frå helseministeren.  

– Eg er glad for at vi no har fått til det heilt nødvendige samarbeidet mellom helsestasjon, fastlege og sjukehus, som har ulike journalløysingar som må vere integrert for at dette skal fungere. Stegvis utvikling i tråd med digitaliseringspolitikken regjeringa la fram for to år sidan har vore og er ein viktig nøkkel, legg Vestre til.

Digitalt helsekort for gravide er framleis under utprøving i 2026, og det fysiske papirkortet må derfor nyttast parallelt. I 2027 er målsettinga at papirkortet blir heilt fasa ut for digitale brukarar.  

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre sit ved sidan av ei nybakt mor som held sonen sin i armane sine
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre møtte den nybakte mora Michelle på SiO Helse i Oslo tysdag 11. februar. Michelle er ein av dei første som har tatt i bruk digitalt helsekort for gravide, og var godt nøgd med løysinga. Sonen som ho held i armane blei fødd 1. januar 2026. Foto: Helse- og omsorgsdepartementet
Skjermbilde fra digitalt helsekort for gravide
Skjermbilde fra digitalt helsekort for gravide Foto: Norsk helsenett
Skjermbilde av digitalt helsekort for gravide
Skjermbilde av digitalt helsekort for gravide Foto: Norsk helsenett