Alvorleg kostnadsauke i InterCity-prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad

– På grunn av krevjande grunnforhold med store førekomstar av kvikkleire kjem det pågåande InterCity-prosjektet gjennom Moss til å bli vesentleg dyrare enn planlagt. Den sannsynlege sluttkostnaden er no på 14,9 milliardar kroner. Kostnadsramma på 17,9 milliardar kroner tek omsyn til uvisse om kostnadane i prosjektet. Det er alvorleg med ein auke i kostnadsramma på 70 prosent, men planlagde forbetringar i togtilbodet er avhengig av at prosjektet blir fullført, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I tråd med tilrådingar frå Jernbanedirektoratet og Bane NOR foreslår regjeringa å auke styringsramma med 5,3 milliardar kroner, til 14,9 milliardar kroner for prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad på Østfoldbanen. Styringsramma er den mest sannsynlege kostnaden for prosjektet.

Som følge av ny kjennskap om grunnforholda og uvisse knytt til kostnadane foreslår regjeringa å auke kostnadsramma for prosjektet frå 10,5 til 17,9 milliardar kroner.  Den nye ramma er om lag 70 prosent høgare enn gjeldande kostnadsramme, som blei vedtatt av Stortinget i 2017. Kostnadsramma er taket for kor mykje prosjektet kan koste. 

Regjeringa har ved fleire høve orientert Stortinget om kostnadsutviklinga i prosjektet. I ei stortingsmelding våren 2020 varsla regjeringa om eit førebels anslag på 3 milliardar kroner i kostnadsauke.   

– Dei siste åra har vi diverre opplevd fleire kostnadsaukar i jernbanesektoren, både i prosjekt under bygging og i prosjekt under planlegging. Det er uheldig. For å få kontroll over kostnadane i framtidige prosjekt, har både Jernbanedirektoratet og Bane NOR sette i verk tiltak som uavhengige ekspertar har stilt seg positive til, seier samferdselsministeren.  

Tilrår å fullføre utbygginga
På tross av den alvorlege kostnadsauken tilrår ikkje Samferdselsdepartementet å stanse InterCity-prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad. Alternative løysingar for å redusere kostnadar, som å bruke dagens enkeltspor eller ikkje bygge ny jernbanestasjon i Moss, gjer at det ikkje vil bli mogleg å realisere planlagde tilbodsforbetringar. Departementet tilrår å halde fram med prosjektet.

Dei meir krevjande grunnforholda gjer at ferdigstillinga blir utsett. Togtrafikken på det nye anlegget kan truleg ikkje kan starte før i 2026, 19 månader etter opphaveleg plan.  

 – Eg kan sjølvsagt forstå at dei reisande er skuffa over at det nye dobbeltsporet blir forseinka. Eg har heller ingen problem med å sjå at folk og næringsliv lokalt er skuffa over at anleggsperioden blir lenger, med alle dei ulemper som det medfører. Men tryggleiken er det aller viktigaste. Vi hugsar alle det tragiske jordraset i Gjerdrum på slutten av fjoråret, seier Hareide.  

Frå fagleg hald har Samferdselsdepartementet fått forsikringar om at det er trygt å gjennomføre prosjektet.

– Arbeidet med stabilisere områda med dårlege grunnforhold skal òg bidra til å sikre Moss by mot masseutglidingar. Denne stabiliseringa vil det uansett vere naudsynt å gjennomføre, og kjem no til å bli finansiert over jernbanebudsjettet i dei områda vi no bygger jernbane, seier samferdselsministeren.

Kvikkleire i anleggsområdet
Den viktigaste drivaren for kostnadsauken i prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad er meir krevjande grunnforhold. Ikkje minst i perioden etter at hovudarbeida tok til i 2019, har det blitt identifisert eit vesentleg større omfang av kvikkleire rundt anleggsområdet enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Konsekvensen er eit vesentleg større behov for områdestabilisering.

I tillegg til dei ustabile grunnforholda har dårlegare marknadsrespons og høgare prisar i entreprenørbransjen bidratt til å auke prosjektkostnaden etter at gjeldande kostnadsramme på 10,5 milliardar kroner blei vedtatt.

Om prosjektet
InterCity-prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad omfattar bygging av 10 km nytt dobbeltspor, ny stasjon i Moss, tunnel under Moss by, tunnel frå Kleberget til Carlberg og dagsone mot Såstad. Prosjektet vil gjere det mogleg med fire avgangar i timen for InterCity- og lokaltogavgangar frå Moss, og ei reisetid ned mot 30 minutt til Oslo.

For fleire opplysningar – sjå: