Neset kjem frå stillinga som fylkeslege/avdelingsdirektør i Rogaland, som han har inneheldt sidan februar 2022. I perioden oktober 2016 – februar 2022 var Neset assisterande fylkeslege i Rogaland.

Før det var Neset turnuslege ved Stavanger universitetssjukehus i 2014 og i Finnøy kommune i 2015. Neset er utdanna cand. med. frå Universitetet i Oslo frå 2011. I tillegg fullførte han ein ph.d. hjå same universitet i 2014, samt gjennomførte ei spesialisering i samfunnsmedisin.

– I Andres Neset har Ukom fått ein særs dyktig leiar, som har inngåande kjennskap til tilsynsrolla og breidda i helsesektoren. Andres har overtydande kunnskap og interesse for undersøkingskommisjonen sitt mandat og virke. I tillegg kan han vise til gode resultat innan organisasjonsutvikling og struktur. Eg ønsker Andres lykke til i Ukom og ser fram til eit godt samarbeid, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.