Det er den såkalla utferdarrolla som skal skiljast ut frå bompengeselskapa. Etter fastsetjinga av Utstederforskriften i statsråd i dag, trer endringane i kraft frå 1. januar 2019.

Bompengeselskapa får ein overgangsperiode på inntil 18 månadar til å omstille seg. Det vil vere mogleg å forlenge denne overgangsperioden med ytterligare seks månader dersom det ligg føre særskilde grunnar.

- Vi skal vere trygge på at pengane vi betalar i bomstasjonar vert nytta til det formålet dei er tiltenkt. Da er det viktig med tydelige og separate roller. Det får vi no, seier samferdselsministeren.

Bompengeselskapa har i dag både rolla som operatør og utferdar. Som operatør har selskapa ansvar for forvalting av lån og registrering av passeringar i dei aktuelle bompengeprosjekta. Som utferdar tilbyr selskapa bilistane ein avtale og ei brikke til registrering av bompasseringar. Selskapa står dermed både for innkrevjing frå sine avtalekundar via brikka, og i tillegg ber dei kredittrisikoen for betaling for bompasseringar frå avtalekundane sine overfor operatør. Denne utferdarrolla vert nå tatt over av eigne utferdarselskap. 

Ved å skilje ut utferdardelen frå bompengeselskapa kjem det ein ny marknad for utferdartenester. I denne marknaden kan ein sjå for seg både privateigde selskap og fylkeskommunalt/regionalt eigde selskap som gir tilbod om tenester.