Revidert nasjonalbudsjett

Arbeidet med å auke kapasiteten på Narvikterminalen kan starte allereie i år

– For å møte forventa vekst i etterspurnaden og for å styrkje godstransporten til og frå Nord-Noreg, er det naudsynt å auke kapasiteten på godsterminalen på Fagernes i Narvik. Regjeringa legg til rette for at Bane NOR kan inngå forpliktingar for å gå i gang med arbeidet i løpet av 2021, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Godsterminalen i Narvik er Noregs nordlegaste for jernbane, og handterer både malmtog, kombitog, vognlasttog og bilvogner. 

Hovudsakeleg kapasitetsproblem om natta

I 2015 handterte terminalen 58 257 conteinarar (TEU). Kapasitetsutfordringane skuldast hovudsakeleg parkering- og lastespor om natta. Etter at effektiviseringstiltaka er gjennomførte, skal terminalen kunne handtere 100 000 TEU per år.

Dette gjer det mogleg med 4-5 daglege kombitog, to tog innkommande tog i timen når aktiviteten på terminalen er på det høgaste og å ha tilstrekkeleg med parkeringsareal.

Skal vere ferdig i 2023

Effektiviseringstiltaka vil koste snaue 300 millionar kroner og skal etter planen vere ferdige i 2023. Det er reduserte utgifter til andre jernbaneprosjekt som gjer det mogleg å starte arbeidet på Narvikterminalen i år innanfor gjeldande budsjettløyving. Opphaveleg var det tatt høgde for å starte arbeidet på terminalen i 2022.

For meir informasjon: Bane NORs nettside om Narvikterminalen