Arbeidslivsfag som eit alternativ til framandspråk

Arbeidslivsfaget blir eit permanent fag i fag- og timefordelinga frå og med skoleåret 2015/2016. Dette gjer det mogleg for skolane å gje elevane eit meir praktisk tilbod enn framandspråk.

Både elevar og lærarar synest faget har vore vellukka. Det viser ei evaluering av forsøket med arbeidslivsfag gjort av Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

Kunnskapsdepartementet vil difor føre vidare arbeidslivsfaget som eit frivillig fag for skolane å tilby.

- Vi ønskjer  at skolar og skoleeigarane på permanent basis skal få moglegheit til å tilby arbeidslivsfaget. Faget er eit godt alternativ for elevar som ønskjer ei meir arbeidslivsbasert opplæring og vil gje elevane ein fin forsmak på yrkesfagutdanninga i vidaregåande skole, seier statssekretær Birgitte Jordahl.

Arbeidslivsfag er eit meir praktisk tilbod til elevane på ungdomstrinnet enn ytterlegare språkopplæring, og skal vere eit alternativ til framandspråk eller til fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. Elevane som har delteke i forsøket seier at dei har fått ein meir variert skolekvardag med arbeidslivsfaget. Nær 70 prosent av desse seier at skolekvardagen har blitt betre. Det viser at faget svara godt på ønsket til elevane om ein meir relevant og motiverande skole.

Arbeidslivsfaget bidreg til å introdusere elevane på ungdomstrinnet for dei yrkesfaglege utdanningane, og kan vere med på å gje yrkesfaga status.

Læreplanen skal reviderast før fastsetjing, og rettleiaren skal også oppdaterast.

Faget skal vere frivillig for skolane å tilby, og det gjer at skolane sjølve kan vurdere behovet for faget og om dei har nok ressursar.