Invitasjon til lansering:
Ny oversikt over truga natur i Noreg
Nyheit | Dato: 03.11.2025 | Klima- og miljødepartementet
Den norske naturen er under press. No er nesten 1000 naturtypar risikovurderte: Kva natur står i fare for å forsvinne, og kva er dei største påverknadsfaktorane?
Ny oversikt over truga natur i Noreg
Sjå sendinga her
Onsdag 26. november kl. 09:00–10:00 presenterer Artsdatabanken den nye raudlista for naturtypar, eit viktig verktøy for forvaltning av norsk natur.
Program:
- Innleiing ved statssekretær Astrid Willa Eide Hoem
- Om Raudlista for naturtypar v/ direktør i Artsdatabanken, Janne Bohnhorst
- Overrekking av Raudlista for naturtypar til statssekretæren
- Risikovurderingar og sentrale funn v/ prosjektleiar Lise Hatten, Artsdatabanken
Enkel servering frå 08:15.
Møt opp i god tid før start. Alle besøkjande som skal inn i departementet, må leggje fram gyldig legitimasjon.
Følgjande legitimasjon er godkjend:
- Norsk pass
- Norsk nasjonalt ID-kort
- Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID)
- Utanlandske pass
- Norsk gyldig førarkort (ikkje elektronisk)
- Europeiske identitetskort (Identity card)
Det er ikkje mogleg å ta med større bagasje inn i bygget. Du kan ta med veske/PC-veske/ mindre ryggsekk.
Påmelding
Om du ønskjer å delta fysisk på arrangementet, må du melde deg på.
Du kan melde deg på her:
Det er mogleg å følgje arrangementet direkte digitalt.
Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO), og du kan følgje arrangementet direkte på denne sida.
Her kan du også laste ned videofil i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til medium som vil sende arrangementet direkte. Du når DIO på telefon 22 24 88 45 eller e-post: dio-lydogbilde@dio.dep.no
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på nettsidene sine finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.