Historisk arkiv

Auka matproduksjon og styrka konkurransekraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa får fleirtal i Stortinget for viktige forslag i jordbruksmeldinga. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP) seier endringane vil gi auka matproduksjon og styrke jordbruket si konkurranseevne.

– Gjennom forhandlingar i Stortinget har vi no tatt nye og viktige steg på rett veg for å styrke norsk matproduksjon. Endringane vil kort og godt bidra til eit meir framtidsretta jordbruk. Den norske bonden har all grunn til å glede seg over det resultatet som no ligg føre og som låg til grunn for Regjeringa sine forslag til Stortinget, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP).

Auka produksjon på norske ressursar

Regjeringa er oppteken av at norsk jordbruk står overfor ein stadig meir krevjande marknad og må tilpasse seg sterkare konkurranse i framtida. Styrka konkurransekraft er ein føresetnad for auka norsk matproduksjon og at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet.

– Regjeringa si målsetting har heile tida vore å auke matproduksjonen og sørge for eit kostnadseffektivt og konkurransedyktig jordbruk over heile landet. Vi vil skape optimisme slik at nye generasjonar får lyst til å satse på næringa, seier Dale. 

Dei viktigaste endringane Regjeringa har fått gjennomslag for er:

  • Hovudformålet skal vera auka matproduksjon
  • Reduksjon i talet på produksjonsregionar for mjølk
  • Endringar i marknadsordningane for svin og marknadsretting av geitemjølkproduksjon
  • Fjerning av det talfesta målet for økologisk produksjon og forbruk  
  • Inntektsmålet skal kunne vegast mot andre omsyn
  • Endringar i finansieringa av opplysningskontora frigjer om lag 100 millionar kroner i jordbruket gjennom redusert omsetningsavgift for bøndene
  • Styrking av utmarksbeite
  • Forenkling av verkemiddelstrukturen skal vidareførast
  • Det skal leggjast tydlegare føringar for investeringsverkemidla i dei årlege jordbruksoppgjera
  • Jordbrukspolitikken skal gradvis leggjast om i ein meir miljø- og klimavennleg retning utan auke i subsidiar

Reduksjon i talet på kvoteregionar for mjølk vil gi større regionar med auka fleksibilitet og betre tilpassing til dei ulike produksjonsvilkåra rundt om i Noreg. Færre og større regionar vil også gi meir velfungerande kvotemarknader, og meir likeverdige utviklingsmoglegheiter for alle mjølkebønder.    

For marknadsordningane på gris er det semje om ei endring som vil gjere produksjonen av svinekjøt meir marknadsretta gjennom å ta bort målprisen og leggje om til den såkalla volummodellen.  

På geit er det fleirtal for ei frivillig og tidsavgrensa oppkjøpsordning. Det gjer at ein får bort ein kostbar overproduksjon av geitemjølk, betre balanse i marknaden og ein meir kommersielt retta produksjon.   

Forenklinga held fram

– Regjeringa har allereie gjennomført ei lang rekkje forenklingar i jordbrukspolitikken, og det er difor positivt at eit breitt fleirtal i næringskomiteen no slår fast at forenklingsarbeidet skal førast vidare, seier Dale.

– Uansett om bruka er store eller små, må vi stimulere til auka volum og inntening. Då er det naudsynt å redusere offentlege reguleringar som avgrensar den einskilde bonden sine utviklingsmoglegheiter. 

Utmarksbeite og landbruk over heile landet

Noreg har store uutnytta beiteressursar i utmark og omlegging av beitetilskot har difor fått høg prioritet. Stimulering til auka bruk av utmarksbeite er også eit viktig tiltak for å styrke distriktsjordbruket og oppretthalde landbruk over heile landet.

– Eg er difor svært nøgd med at ein samla næringskomité stiller seg bak forslaget om å styrke utmarksbeitet. Det er viktig for bruken av norske arealressursar og for matproduksjonen i distrikta. Utforminga skal gjerast i samband med jordbruksoppgjeret for 2017. 

Økomål

Regjeringa vil at etterspurnaden frå forbrukarane skal styre den økologiske produksjonen og har fått fleirtal for å fjerne det politiske vedtekne 15 prosent målet.