Auka militært nærvær i nord

– Nordområda er viktig både for Noreg og NATO. Difor har regjeringa følgt opp langtidsplanen med forslag til budsjett for 2019 med å auke nærværet, beredskapen og tilgjengelegheita i nord, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Ubåt på vei inn til Ramsund
Ubåten som er stasjonert ved Ramsund får fleire seglingsdøgn i 2019. På bildet ser vi ein ubåt på vei heim frå tokt til Ramsund. Foto: Lars Røraas, Forsvaret

 

Fortsetter oppbygginga av Hæren i nord

For å auke nærværet av det landmilitære fotavtrykket i Finnmark etablerast ein manøvereining som skal bli ein kavaleribataljon på Porsangermoen, mens arbeidet med det nye jegerkompaniet ved Garnisonen i Sør-Varanger held fram. Aktivitetane i Hæren skjer i stor del i Nord-Noreg, og regjeringa vil prioritere meir øving av Brigade Nord og Garnisonen i Sør-Varanger i 2019.

 

Heimevernet skal øve meir

Heimevernet treng meir trening og øving for å være godt beredt i krise- og konfliktsituasjoner. Regjeringa vidarefører den auka treningsmengda for Heimevernsdistrikta i Troms og Finnmark, og fortset anskaffinga av moderne materiell og personleg utstyr til Heimevernet.

 

Betre situasjonsbilete

Ubåten som er stasjonert ved Ramsund får fleire seglingsdøgn i 2019. Marinens andre fartøy skal også segle meir i nord enn i tidlegare år. Fly, som til dømes dei maritime patruljeflya, opererer meir i nord enn før. Saman med investeringar i nye maritime patruljefly og nye kystvaktfartøy, gjer dette at nærvær, situasjonsforståing og beredskap blir styrka enda meir.

 

Store investeringar i bygg og eigedom

Regjeringa vil sette av om lag 650 millionar kroner til utvikling av Evenes flystasjon. Pengane skal gå til å oppgradere infrastruktur og til fysisk sikring og vern av flystasjonen. Regjeringa vil også nytte om lag 200 millionar kroner til investeringsprosjekt i Troms, som mellom anna er fornying av bustadar i Bardufoss og oppgradering av kabelbanen på Sørreisa.

Til toppen