Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Auka satsing på grøn omstilling i maritim næring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa ønsker å styrke satsinga på grøn omstilling og miljøvennleg innovasjon innan sjøfart og maritime næringar.

Regjeringa foreslår å styrke satsinga på norsk, grøn skipsfart med 180 millionar kroner til låg- og nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar. Låneordninga for grøn flåtefornying av skip i nærskipsfart vidareførast med 600 millionar kroner. Grønt Skipsfartsprogram vidareførast med 25 millionar kroner. I tillegg vil tilskott frå Enova framleis vere viktig for å bidra i omstillinga. Satsinga vil kutte klimagassutslepp og stimulere til ytterlegare grøn vekst, næringsutvikling og konkurransekraft i norsk maritim industri.

- Internasjonalt har Noreg ein leiande posisjon i utviklinga av grøn teknologi innan skipsfart og maritim sektor. Denne posisjonen må vi forsterke. Med ei tydeleg satsing på grøn skipsfart i dette budsjettet skaper vi arbeidsplassar og eksportinntekter i Noreg, men vi bidrar òg til potensielt store klimakutt globalt, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Ny teknologi

Satsinga på grøn skipsfart er eit tydeleg og godt grep i klimapolitikken. Vi kuttar utslepp heime, vi styrker vår maritime næring og vi bidreg til å utvikle teknologi som kan eksporterast globalt. Handlingsplanen for grøn skipsfart blei lagt fram våren 2019 og inneheld ei rekke tiltak, både overordna og knytt til dei einskilde fartøysegmenta. Den overordna ambisjonen er å halvere klimagassutsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og stimulere til låg- og nullutsleppsløysingar i alle fartøyskategoriar.

Elektrisk båt foran Operaen i Oslo
Den heilelektriske turistbåten "Vision of the Fjords" er eit symbol på regjeringa si satsing på låg- og nullusleppsfarøy langs kysten. Regjeringa ønsker å styrke satsinga på grøn omstilling og miljøvennleg innovasjon innan sjøfart og maritime næringar. Foto: Snorre Tønset/KLD

Låg- og nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar

Regjeringa fortsett satsinga på innfasing og vidare utvikling av låg- og nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar i årets budsjett. Regjeringa ønsker å bidra til at fylkeskommunane skal ha økonomisk handlingsrom til å kunne velje låg- og nullutsleppsløysingane når dei kjøper ferje- og hurtigbåttenester.

- Regjeringa har ein klar ambisjon om fleire null- og lågutsleppsferjer. 100 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene frå fylkeskommunane er derfor grunngitte med satsing på låg- og nullutsleppsløysingar for ferjer og hurtigbåtar, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre satsinga på innfasing av nullutsleppshurtigbåtar med ei ramme på nye tilsegn på 80 millionar kronar. For utviklinga av nullutsleppsferjer har utviklingskontraktar spelt ei avgjerande rolle. Den første heilelektriske ferja, Ampere, i 2015 var resultatet av ein utviklingskontrakt. I 2021 er dei første hydrogenferjene venta å kome på vatnet.

Grøn flåtefornying av lastefartøy i nærskipsfart

Lastefartøy i nærskipsfart er eit segment av fartøy som står på startstreken i omstillinga. Ei omfattande flåtefornying er naudsynt for å oppnå utsleppsreduksjonar. Regjeringa initierte difor eit arbeid med grøn flåtefornying under Grønt skipsfartsprogram som i 2020 samla blei støtta med 45 millionar kroner.

Arbeidet rettar seg inn mot både reiarlag og vareeigarar. Dette vil gi null- og lågutslippsløysingar for lasteskip og ein marknad for grøn sjøtransport. Grønt skipsfartsprogram vidareførast i 2021 med 25 millionar kroner.

- Satsinga på grøn flåtefornying i nærskipsfarten inneber også ei satsing på norsk maritim næring. Å leggje til rette for ei grøn flåtefornying tidleg gjer norsk maritim næring i stand til å ta marknadsandelar i ein global marknad og vere konkurransedyktig på grøne premiss tidleg, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

I revidert nasjonalbudsjett og regjeringa sin tredje tiltakspakke for å handtere dei økonomiske utfordringane som følgje av Covid-19, blei arbeidet med grøn flåtefornying tydeleg styrka. Det blei oppretta ei kondemneringsordning på 75 millionar kroner for gamle skip i nærskipsfart og ei risikolåneordning med ei tapsavsetning på 300 millionar kroner og utlånsramme på 600 millionar kroner. Låneordninga er foreslått vidareført med ei ramme på 600 millionar kroner i 2021.

Pilotprosjekt grøn skipsfart

Døme på pilotprosjekt som er arbeida fram under Grønt skipsfartsprogram:

  • Bygging av to utsleppsfrie autonome lekterar for Asko som skal krysse Oslofjorden.
  • Heidelberg Cement og Felleskjøpet som samarbeider om innkjøp av eit nullutslepp lasteskip. Skipet skal frakte korn frå Østlandet til Vestlandet og sand, pukk og grus frå Vestlandet til Østlandet.

Grønt skipsfartsprogram sitt arbeid med å kople aktørar og modne fram prosjekt gjer konkrete resultat.