– Potetavlinga i år er venta å vere 20 prosent høgare på landsbasis enn i fjor. Støre-regjeringa har satsa mykje på sjølvforsyning og å auke norskandelen på grønsaker, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).

Samanlikna med snittet for 2002 til 2025, er årets avling prognosert til å bli 14 prosent høgare. Auken kjem av både betre vekstforhold og at arealet med potet har auka. Både forbruket og produksjonen av norske poteter aukar.

På Austlandet reknar ein med at produksjonsnivået held seg nokolunde likt som i fjor. I Trøndelag derimot, er det venta betre avlingar i år enn i 2025.

Frå januar 2024 vart det lagt om frå kronetoll til prosenttoll på potet, potetflak og potetgranulat. Det var eit grep som vart gjort for å gjere det meir lønsamt å produsere potet i Noreg, slik at etterspurnaden i større grad kunne dekkjast av innanlandsk produksjon.

Endeleg vurdering av marknadsbalansen kjem først etter lagerteljinga 1. november

Grøntprodusentenes samarbeidsråd (GPS) har stått for avlings- og kvalitetsprognosen for 2026-avlinga. NLR har teke prøvene i heile landet, og resultata er samanstilte av HOFF.