Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2016:

Aukar budsjettet til Datatilsynet med 7,5 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Eit sterkt personvern er grunnleggjande i eit demokrati. Samstundes blir personvernutfordringane stadig meir grenseoverskridande. EU kjem snart med nytt personvernregelverk. For å sette Datatilsynet best mogleg i stand til å tilpasse seg dei nye reglane, vil vi auke budsjettet deira. Pengane skal brukast til kompetanseheving og informasjonstiltak, og til eit forsprosjekt for modernisert IKT-løysing, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Regjeringa gjer framlegg om å auke budsjettet til Datatilsynet med til saman 7,5 millionar kroner som skal gå til å førebu nasjonal gjennomføring av nytt europeisk personvernregelverk. EU kjem snart med eit nytt regelverk om personvern, som òg vil påverke EØS-landa. Noreg må difor førebu seg på å innføre reglane på ein god måte.

- Internasjonalt samarbeid og felles reglar på tvers av landegrensene er viktig både for innbyggjarar og næringsliv. Eg er oppteken av at vi i Noreg førebur innføringa av nytt personvernregelverk so raskt som mogleg. Regjeringa vil difor auke budsjettet til Datatilsynet på dette området med 7,5 millionar kroner, seier Sanner.


Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00