Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

Aukar CO2-kompensasjon for fiskeflåten i 2022

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Som følgje av auka i CO2-avgifta for fiskeflåten, vil regjeringa utsetje nedtrappinga og heve ramma for ordninga i 2022.

Regjeringa vedtok innføring av full CO2-avgift for fiskeflåten frå 1. januar 2020. Samstundes vart det etablert ei kompensasjonsordning for fiskeflåten på nivå med inntektene frå avgifta, med plan om gradvis nedtrapping. Det er foreslege at CO2-avgifta skal aukast.

– For å hauste erfaringar av den gjeldande kompensasjonsordninga for fiskeflåten, vil nedtrappinga av kompensasjonen utsetjast. I lys av forslaget om å auke CO2-avgifta vil regjeringa auke kompensasjonen frå 255 til 305 millionar kroner, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Viktig klimatiltak

For fiskerinæringa vil opplegget samla sett gi sterkare incentiv til reduserte utslepp, samstundes som auka i den samla avgiftsbelastninga blir redusert.

– Med ei forlenging av kompensasjonsrodninga vil fiskeflåten få betre tid til å finne gode innretningar på korleis CO2-avgifta kan tilbakeføras til flåten og stimulere til grøn omstilling. Regjeringa har ein ambisiøs klimapolitikk, som blant anna omfattar mål om å halvere utslepp frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. For å nå desse måla må utsleppa frå fiskeflåten reduserast i åra som kjem, seier fiskeri- og sjømatministeren.

Regjeringa har vedteke at kompensasjonsordninga skal delast inn i tre grupper, som vil bestå av kystflåten, havflåten og kystrekeflåten.

Nærings- og fiskeridepartementet vil opprette ei arbeidsgruppe med mellom anna representantar frå fiskeflåten for å vudere denne innretninga.