Aukar satsane for tilskot til utleigebustader frå nyttår
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 21.12.2018
Dei aller fleste kommunar kan sjå fram til høgare tilskot frå Husbanken i 2019 når dei investerer i utleigebustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden.
– Frå 1. januar aukar regjeringa tilskotet til utleigebustader slik at kommunane kan halde fram innsatsen for at alle skal kunne bo trygt og godt, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.
Fleire kommunar vil få auka tilskot frå Husbanken
Husbanken bereknar tilskotet per kvadratmeter, og kommunane er delt inn i geografiske grupper slik at storleiken på tilskotet reflekterer dei lokale bustadprisane. Kommunal- og moderniseringsdepartementet justerer desse sonene frå 1. januar.
– Vi har lytta til tilbakemeldingane frå kommunar som meiner dei har vore i feil tilskotssone og har fordelt alle kommunane på nytt. I tillegg aukar vi talet på soner frå fem til seks, seier Mæland.
Endringane fører til at 54 kommunar rykkjer høgare opp på tabellen, som tyder at dei får meir i tilskot. Nokre få kommunar vil derimot få eit lågare tilskot. Det handlar ikkje om at bustadprisane fell i desse områda, men at dei no ligg riktigare samanlikna med dei andre kommunane.
Til dømes vil Alta få ein kvadratmetersats på 8 200 kroner, mot tidlegare 6000 kroner. Og Frogn vil få ein kvadratmeterpris på 11 200 kroner, mot tidlegare 10 500 kroner.
– Regjeringa er oppteken av å fordele tilskotet så jamt og rettferdig som mogleg. Med desse endringane vil fleire kommunar vere betre skodd for å gje vanskelegstilte ei trygg og god bustad, seier Mæland.
Rekordinvesteringar i utleigebustadar dei siste åra
Etterspurnaden etter tilskot har gått ned i år, og Husbanken får ikkje brukt opp heile potten. Departementet trur det har samanheng med det høge investeringsnivået i 2015-2016.
– Kommunane har investert rekordmykje i utleigebustadar med støtte frå staten dei seinaste åra. Under og etter flyktningkrisa i 2015 dobla regjeringa ramma for tilskotet, seier Mæland.
Kommunal- og moderniseringsministeren prioriterer stadig tilskotet høgt. I 2019 kan Husbanken gje tilskot til om lag 1 560 bustader.
– Sjølv om dei fleste bur godt i Noreg, gjeld ikkje dette alle. Det finns om lag 170 000 vanskelegstilte på bustadmarknaden. Regjeringa arbeider målretta for at fleire skal få riktig hjelp til riktig tid. Auken i dette tilskotet vil vere attraktivt for dei kommunane som treng fleire bustader til vanskelegstilte, seier Mæland.
| Kommune | Gjeldande satser Tilskot per kvm |
Nye satser Tilskot per kvm |
|---|---|---|
| Oslo | 17 200 | 18 200 |
| Bærum | 14 500 | 14 800 |
| Asker | 10 500 | 11 200 |
| Bergen | 10 500 | 11 200 |
| Drammen | 10 500 | 11 200 |
| Frogn | 10 500 | 11 200 |
| Lørenskog | 10 500 | 11 200 |
| Nesodden | 10 500 | 11 200 |
| Oppegård | 10 500 | 11 200 |
| Skedsmo | 10 500 | 11 200 |
| Ski | 10 500 | 11 200 |
| Tromsø | 10 500 | 11 200 |
| Trondheim | 10 500 | 11 200 |
| Rælingen | 6 000 | 11 200 |
| Ullensaker | 6 000 | 11 200 |
| Ås | 6 000 | 11 200 |
| Fet | 10 500 | 9 900 |
| Stavanger | 10 500 | 9 900 |
| Bodø | 8 200 | 9 900 |
| Lillehammer | 8 200 | 9 900 |
| Moss | 8 200 | 9 900 |
| Sandnes | 8 200 | 9 900 |
| Sola | 8 200 | 9 900 |
| Tønsberg | 8 200 | 9 900 |
| Førde | 6 000 | 9 900 |
| Gjerdrum | 6 000 | 9 900 |
| Lier | 6 000 | 9 900 |
| Malvik | 6 000 | 9 900 |
| Nittedal | 6 000 | 9 900 |
| Røyken | 6 000 | 9 900 |
| Sogndal | 6 000 | 9 900 |
| Sørum | 6 000 | 9 900 |
| Vestby | 6 000 | 9 900 |
| Hamar | 8 200 | 8 200 |
| Kristiansand | 8 200 | 8 200 |
| Randaberg | 8 200 | 8 200 |
| Ålesund | 8 200 | 8 200 |
| Alta | 6 000 | 8 200 |
| Askim | 6 000 | 8 200 |
| Askøy | 6 000 | 8 200 |
| Eidsvoll | 6 000 | 8 200 |
| Enebakk | 6 000 | 8 200 |
| Fjell | 6 000 | 8 200 |
| Flora | 6 000 | 8 200 |
| Fredrikstad | 6 000 | 8 200 |
| Gjesdal | 6 000 | 8 200 |
| Gjøvik | 6 000 | 8 200 |
| Hammerfest | 6 000 | 8 200 |
| Hobøl | 6 000 | 8 200 |
| Hole | 6 000 | 8 200 |
| Holmestrand | 6 000 | 8 200 |
| Horten | 6 000 | 8 200 |
| Hurum | 6 000 | 8 200 |
| Hvaler | 6 000 | 8 200 |
| Hå | 6 000 | 8 200 |
| Klepp | 6 000 | 8 200 |
| Klæbu | 6 000 | 8 200 |
| Kongsberg | 6 000 | 8 200 |
| Melhus | 6 000 | 8 200 |
| Melhus | 6 000 | 8 200 |
| Molde | 6 000 | 8 200 |
| Nannestad | 6 000 | 8 200 |
| Nedre Eiker | 6 000 | 8 200 |
| Nes (Ak) | 6 000 | 8 200 |
| Os (Ho) | 6 000 | 8 200 |
| Ringerike | 6 000 | 8 200 |
| Rygge | 6 000 | 8 200 |
| Råde | 6 000 | 8 200 |
| Sande (V) | 6 000 | 8 200 |
| Sandefjord | 6 000 | 8 200 |
| Skaun | 6 000 | 8 200 |
| Spydeberg | 6 000 | 8 200 |
| Stjørdal | 6 000 | 8 200 |
| Stryn | 6 000 | 8 200 |
| Time | 6 000 | 8 200 |
| Færder (tidligere Nøtterøy og Tjøme) | 6 000 | 8 200 |
| Øvre Eiker | 6 000 | 8 200 |
| Resten av landet | 6 000 | 7 400 |
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00