Aust-vest-sambanda: Kvalitetssikringsrapportar er klare

- Konseptvalutgreiingane av strekningane rv 52 og rv 7 Gol-Voss og E134 Gvammen-Vågsli om traséval gjennom Telemark, er no vurdert av ein ekstern kvalitetssikrar. Samstundes har dei vore på høyring. Kvalitetssikrar støttar Vegvesenets tilråing om at rv 52, saman med E134, vil vere det beste alternativet når ein skal velje hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet. No skal vi vurdere forslaga, før vi tar ei avgjerd, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I samband med arbeidet for å avklare ein framtidig strategi for og prioritering av vegsambanda mellom Austlandet og Vestlandet, bad Samferdselsdepartementet i februar i fjor Statens vegvesen om å gjere ei såkalla konseptvalutgreiing (KVU) for strekningane rv 52 og rv 7 Gol-Voss og E134 Gvammen-Vågsli.

Samferdselsministeren fekk i september overrekt rapportanefrå arbeidet. I utgreiinga av strekninga Gol-Voss, tek Statens vegvesen stilling til kva for ein veg som bør bli det andre hovudvegsambandet mellom aust og vest, i tillegg til E134 over Haukelifjell. I utgreiinga av E134 gjennom Telemark har vurderinga fyrst og fremst vore om vegen skal gå der den går i dag, eller leggjast om i ein innkorta trasé lenger nord.

Kvalitetssikrar tilrår rv 52

Statens vegvesen har stått for lokale høyringar av konseptvalutgreiingane og dei har vore til ekstern kvalitetssikring (KS1). Kvalitetssikringa blei utført av Holte Consulting AS, Samfunns- og næringslivsforskning AS, A-2 Norge AS og Proba samfunnsanalyse AS. Rapportane er no klare og sendt over til Samferdselsdepartementet.

Kvalitetssikrar støttar Statens vegvesen sitt syn om at rv 52 vil vera eit betre alternativ enn rv 7 som hovudvegsamband mellom aust og vest, saman med E134. For E134 tilrår kvalitetssikrar - på same måte som Statens vegvesen - at traseen blir lagt om lengre nord og dermed reduserer avstanden med 35 km. Dette gir 51 minutt redusert reisetid.

Samferdselsdepartementet går no gjennom dei ulike vurderingane i sakane. Desse vil danne grunnlag for regjeringa sin vidare behandling av val av hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet.

Les kvalitetssikringsrapporten rv 52 og rv 7 Gol-Voss

Les kvalitetssikringsrapporten E134 Gvammen-Vågsli