Historisk arkiv

Avinor tek ansvar for vidare drift ved Fagernes lufthamn, Leirin

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Vi vil gjere det mogleg for reiselivet i Valdres og Hallingdal å halde fram med chartertrafikken. Avinor tek ansvar for drifta dei første åra. Frå 2019 legg vi opp til at lokale krefter overtek ansvaret for lufthamna, seier statssekretær i Samferdselsdepartementet, John-Ragnar Aarset.

Avinor skal drive Fagernes lufthamn fram til andre aktørar overtek

Regjeringa foreslår for Stortinget at Avinor AS skal drive Fagernes lufthamn som ei rein charterlufthamn fram til 1. januar 2019.

Her er statssekretæren på Fagernes lufthamv med fylkesordfører i Oppland Gro Lundeby, daglig leder Destinasjon Hemsedal Richard Taraldsen, turistsjef i Buskerud Pål Knutsson, Medhus, adm.dir Beitostølen Resorts Atle Hovi og Bjørn B. Jacobsen, styringsgruppen for Leirin.

Her er statssekretæren på Fagernes lufthamn med tidligere fylkesordfører i Oppland Gro
Lundeby, daglig leder Destinasjon Hemsedal Richard Taraldsen,  daglig leder i Visit Geilo Pål Knutsson Medhus, adm.dir Beitostølen Resorts Atle Hovi og Bjørn
B. Jacobsen, DestinasjonsKirurgene/styringsgruppen for Leirin.

- Tre år er ein tilstrekkeleg lang periode til at lokale aktørar kan overta ansvaret frå 2019. Dette er og er i tråd med målet til regjeringa om at kommunar og private aktørar skal delta i lufthamnutviklinga, seier Aarset.

- Vi har lagt vekt på at reiselivet i Valdres og Hallingdal skal få konsentrere seg om å kapre kundar og tilreisande dei nærmaste åra, medan Avinor tek ansvaret for drive sjølve flyplassen. Vi har lytta til dei lokale kreftene når dei har fortalt oss, at dei reknar med å få til ein kraftig vekst i talet på charterturistar. Nå får dei denne sjansen. Og så er det naturleg at dei lokale aktørane rustar seg for å ta ansvar for drifta sjølv når det har gått nokre år, seier Aarset.

Dersom lokale aktørar ynskjer å overta lufthamna før 2019, skal Avinor avvikle si drift.

Deler driftskostnader

I 2016 skal Avinor dekkje kostnadene for drift av lufthamna. I 2017 skal lokale aktørar dekkje delar av driftskostnadene og i 2018, halvparten av Avinors kostnader.

Løysinga føreset at Luftfartstilsynet forlengjer til 2019, den dispensasjonen lufthamna har i dag.

Fleire opplysningar: Prop. 19 S (2015-2016) Endringar i statsbudsjettet 2015 under Samferdselsdepartementet