– Vi sikrar norsk tryggleik, konkurransekraft og velferd gjennom satsing på ny kunnskap. Forskinga som no får støtte flyttar grensene for kva vi veit, og er med på å bygge verdsleiande forskingsmiljø i Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

I 2026 skal Forskingsrådet dele ut til saman 1,5 milliardar kroner for å utvikle fleire verdsleiande forskingsmiljø i Noreg. Det er 100 millionar kroner meir enn i fjor.

– Den banebrytande forskinga er spesielt viktig for å utvikle forskinga vidare. Forskingsrådet satsar målretta både på unge forskartalent og etablerte forskarar for å bygge framifrå forsking, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.

Pengar til toppforsking og radikale forskingsidear

Forskingsrådet sine ordningar for banebrytande forsking finansierer prosjekt av høg kvalitet innanfor alle fagområde, med utgangspunkt i forskarane sine eigne prosjektidear. Dei 236 millionane er fordelte på tre utlysingar med ulike føremål:

  • 40 millionar kroner til eit toppforskingsprosjekt med mål om å utvikle eit verdsleiande forskingsmiljø. Støtta føreset samarbeid mellom to eller fleire leiande forskarar.
  • 7 millionar kroner til 4 spesielt radikale forskingsidear, gjennomførte av forskarar tidleg i karrieren. Kvart prosjekt får 1,4–2 millionar kroner.
  • 188 millionar kroner til banebrytande forsking av høg kvalitet gjennom ordninga FRIPRO. Til saman blir 17 prosjekt finansierte med 7–12 millionar kroner kvar.

Dette er den første av i alt seks planlagde tildelingsrundar i 2026.

Her er nokre av prosjekta som får pengar

Prosjekta er fagleg varierte og handlar om alt frå kvanteteknologi og fosterceller til digitale samfunn og mellomalderhistorie.

Framtidas smarte energisamfunn

Ein forskar tidleg i karrieren ved NTNU får 10 millionar kroner for å utvikle algoritmar som gjer energisamfunn smartare og meir robuste. Prosjektet skal lære maskiner å ta raske avgjerder basert på sanntidsdata, slik at både bustader og industri kan optimere straumbruk, lagring og produksjon – sjølv når nettet sviktar. Målet er trygg og effektiv energi for alle.

Sosial status og ulikskap i digitale samfunn

Forsking har vist at digitale teknologiar kan forsterke sosiale ulikskapar. Forskarar ved BI får 12 millionar kroner til å utforske dette temaet frå eit tverrfagleg perspektiv. Prosjektet skal kartlegge statusmekanismar i det digitale samfunnet gjennom mellom anna djupneintervju, plattformanalyse og studium av generativ KI. Målet er å forstå korleis status blir skapt, oppfatta og får tyding i det digitale samfunnet – og korleis dette kan bidra til å forsterke eller redusere sosiale ulikskapar.

Fosterceller kan gi svar om kvinnespesifikke sjukdomar

Når kvinner er gravide, blir nokre av cellene i fosteret overførte til blodet til mora. Men kva skjer med denne overføringa når morkaka av ulike grunnar ikkje fungerer som ho skal? Forskarar ved Universitetet i Oslo får 12 millionar kroner for å undersøke denne problemstillinga og korleis celleoverføringa påverkar helsa til mora. Kan desse cellene som blir overførte, forklare kvifor svangerskapsforgifting gir auka risiko for hjartesjukdom? Målet er å gi den aller første detaljerte skildringa av fosterceller i blodsirkulasjonen til mora, og å gi oss ei betre forståing av utviklinga av kvinnespesifikke sjukdomar.

Magnetiske nanopartiklar kan gi raskare diagnosar

Ein forskar ved Universitetet i Innlandet får to millionar kroner for å teste ut sin radikale forskingsidé: Kan magnetiske nanopartiklar fange opp bakteriar frå blod og urin? I så fall kan pasientar med bakterieinfeksjonar få ein diagnose langt raskare enn før – på under 24 timar – og dermed kunne starte presis antibakteriell behandling tidlegare.

Nytt blikk på mellomalderen ved hjelp av kodekraft

Kunnskapen vi har om mellomalderen, byggjer i stor grad på overleverte tekstar som skildrar bestemte hendingar og aktørar, ofte kongar på krigstokt. Sjølv om historikarar les desse kjeldene kritisk, er det vanskeleg å unngå at kunnskapen vår om mellomalderen blir prega av perspektivet til elitane. No får ein forskar ved UiO to millionar kroner til å utforske korleis dataprogram kan gi oss ein heilt ny inngang til mellomalderen ved å løfte fram rolla til aktørar som tradisjonelt har vore tillagde ei underordna rolle i kjeldematerialet, som kvinner og vanlege menneske. Dataanalysane kan fornye forståinga vår av mellomalderen i Europa, frå soger til bysantinske tekstar.

Nye materialar for kvanteteknologi

Ein forskar tidleg i karrieren ved UiO får 10 millionar kroner for å leite etter materialar som kan brukast til kjøling nesten heilt ned til det absolutte nullpunktet, temperaturen 0 Kelvin. Målet er å utvikle smartare materialar for ekstrem kjøling ved å studere dei magnetiske eigenskapane til oksid av grunnstoff frå dei "sjeldne jordartane". Slike materialar er ein nøkkel til framtidas kvanteteknologi.

Grøn revolusjon

Ein forskar tidleg i karrieren ved Frischsenteret får 10 millionar kroner for å utforske korleis grøne insentiv som karbonprisar og energisubsidiar påverkar bedrifter, arbeidstakarar og etterspurnaden etter kompetanse. Skaper desse tiltaka faktisk eit meir rettferdig og inkluderande arbeidsmarknad – eller forsterkar dei ulikskapar?

Oversikt over alle prosjekta som får støtte 

Institusjon

Tittel

Sum (i tusen kr)

Toppforskarar 

UiO

Exploring Dark energy & Gravity throughout cosmic Evolution

40000

Radikale forskingsidear i tidleg karriere

NTNU

Teaching Models to Talk: A Radical Framework for Interdisciplinary Research

2000

Inn

Catchbac-Nano: Multitarget Nanobeads for Rapid Bacterial Enrichment to Accelerate Antimicrobial Resistance Surveillance and Diagnostics

2000

Inn

“Freedom with responsibility”: A play of legal regulation, fôrestry and extractivism in Inland

1370

UiO

Coding History: An experiment in the computer-assisted qualitative analysis of medieval historiographical narratives

2000

Forskarprosjekt for tidleg karriere (FRIPRO)  

UiA

Category shifts, the periphery, and the structure of linguistic categories

10000

UiO

APExModel: Addressing Antimicrobial Peptides by Integrating Experiments into Modelling

10000

NTNU

Weighted inequalities in complex and harmonic analysis

10000

FRISCHSENTERET

GREENLAB – Green Incentives, Labor Markets, and Skill Demand

9948

NTNU

RT-D2D : Real-Time Data to Real-Time Decisions - Optimizing Energy Communities

10000

UiO

From Ordered Spin Textures to
Frustrated Magnetism for Cryogenic Cooling

10000

NTNU

Developing inert anodes for manganase deposition by molta oxide electrolysis

10000

Forskarprosjekt for erfarne forskarar (FRIPRO)  

NTNU

Visualizing active super-enhancer organization and function

11999

OUS

SyncMe: Understanding cardiac function through myocardial dyssynchrony

12000

UiO

A One Health Approach to Genome Stability in Meiosis and Preimplantation Embryos.

12000

OUS

Common disease mechanisms in autoimmune diseases – A possible role of viruses

11268

NMBU

Con-TEki: Conifer transposable elements as key drivers of regulatory innovation

12000

NTNU

Norwegian trial of physical exercise after myocardial infarction - extended follow-up

12000

UiO

FEMALE: Phenotyping fetal microchimeric cells in the mother: revealing potential fetal contributions to long-term female health

12000

BI

Digital Status and Its Social and Technological Construction

12000

UiO

Denying harm? Neocolonial conservation through trophy hunting and zoos

11997

Treårig Forskerprosjekt med internasjonal mobilitet (FRIPRO)  

UiB

Scribes of the North: Latin Manuscripts in Medieval Iceland

6901