Bankett for Kavliprisvinnarane

Bankett for Kavliprisvinnarane

H.M. Kong Harald overrekker i morgon Kavliprisen i Oslo Konserthus til 18 vinnarar innan astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Same kvelden held Regjeringa ein bankett i Oslo rådhus til ære for prisvinnarane for 2020 og 2022. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe er vertskap.

Regjeringsbankett:

  • Tid: Tysdag 6. september kl. 19
  • Stad: Oslo rådhus

Gjestane kjem til banketten frå kl. 17.50-18:40. Det blir høve til foto av prisvinnarar ca. kl. 18.40 ved inngangen. H.M. Kong Harald kjem kl. 19.  Det blir òg høve til å ta bilete under prosesjonen og under ordføraren og forskings- og høgare utdanningsministeren sine talar.

Vi ber elles pressa bruke foto frå banketten tekne av fotograf Thomas B. Eckhoff. Bileta blir lagde ut på Flickr til fri bruk mot kreditering: https://www.flickr.com/photos/kavliprize/albums  

Påmelding for presse/fotografar til Oslo rådhus i samband med Kavliprisbanketten: Kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen (johanne.severinsen@kd.dep.no, 911 14 868) innan kl. 14 tysdag 6. september. Pent antrekk. Hugs gyldig legitimasjon med bilete (pass/førarkort).