Historisk arkiv

Bekymra for høgt fråvær som følge av korona

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Etter at krava til føring av fråvær blei endra som følge av koronasituasjonen viser statistikken at fråværet på vidaregåande skolar og på 10. trinn, naturlig nok, har gått kraftig ned. Heller ikkje i haust blir det ført fråvær på vanleg vis. Det er likevel grunn til å tru at det reelle fråværet vil vere høgare enn normalt denne hausten. Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) er bekymra for konsekvensane. – Det er viktig at elevane som er heime over lengre tid, blir følgt tett opp av skolen. Viss ikkje risikerer vi at enkelte aldri kjem tilbake til skolebenken, seier Melby.

På grunn av koronapandemien blei fråvær frå og med 13. mars og ut skoleåret 2019–20 ikkje ført på vitnemål og kompetansebevis. Dette har påverka fråværsstatistikken.

Ifølgje Utdanningsdirektoratet sin statistikk var timefråværet i vidaregåande skole i år på 7 timar, som er mykje lågare enn i fjor då det var 11 timar.

Også dagsfråværet gjekk ned, frå eit medianfråvær på tre dagar i fjor, til to dagar i år.

På 10. trinn gjekk dagsfråværet ned frå seks til fire dagar, medan timefråværet gjekk frå fem til tre.

Fryktar auka fråfall

Dei midlertidige reglane for fråvær i vår blei mellom anna innført fordi det var vanskeleg å føre fråvær når skolane var stengde. Også i haust er det gjort midlertidige endringar i fråværsreglane fordi ein ikkje vil at elevar med symptom på korona skal presse seg til å gå på skolen.

– Elevar som er sjuke, skal sjølvsagt halde seg heime, og det er eg glad for at dei gjer. Samstundes er eg bekymra for at periodar med fråvær skal få langvarige konsekvensar for enkeltelevar, seier Melby. Ho understrekar at skolane skal tilby alternativ opplæring til elevar som av ulike årsaker må halde seg heime i lengre tid.

Ho seier det er viktig at alle elevar får den opplæringa dei treng for å fullføre, også i den krevjande smittesituasjonen vi er i.

Våren 2021 skal regjeringa legge frem ei ny stortingsmelding om vidaregåande opplæring. Målet er å gje elevane større fridom til å fordjupe seg og gjere opplæringa meir praktisk og relevant – slik at fleire er motiverte og fullfører.

– Erfaringane frå perioden med korona vil også vere med i arbeidet med den nye stortingsmeldinga.  Den skal sikre at elevane i enda større grad opplever vidaregåande opplæring som eit godt grunnlag for vidare studiar og jobb, understrek kunnskaps- og integreringsministeren.

Andelen som ikkje fekk karakter, går litt ned

Utdanningsdirektoratet sin statistikk viser også kor stor andel av elevane på vidaregåande skole som ikkje fekk karakter fordi dei mangla vurderingsgrunnlag i eitt eller fleire fag ved standpunkt.

I skuleåret 2019–20 var det nærare 5 000 elevar som blei ståande utan vurderingsgrunnlag (IV) i minst eitt fag. Det er om lag 300 færre elevar enn året før.

– Dette er positive tal som vi må ta med oss. Det er også interessant å prøve å finne ut kva dette skuldast. Det kan jo vere at enkelte elevar opplevde meir meistring med heimeundervisning, seier Melby.

Rettleiar for oppfølging av fråvær

Når elevane ikkje er på skolen, er det vanskelegare å fange opp dei som slit, og gje dei den støtta dei treng for å fullføre. Utdanningsdirektoratet har laga ein rettleiar som dei vidaregåande skolane kan støtte seg til. No finst det også ein liknande rettleiar for grunnskolen.

– Eg håper desse rettleiarane kan vere nyttige verktøy for skolane. Målet er at skolane lettare skal få konkrete råd om korleis dei kan førebygge fråvær, avdekke årsakene til fråvær og også korleis ein kan følgje opp elevane som er mykje borte frå skolen, seier Melby.