Besøkte lokalmat- og drikkeprodusentar frå heile landet på Matstreif
Nyheit | Dato: 18.09.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Fredag 18. september gjekk festivalen Matstreif-festivalen av stabelen i hovudstaden. Statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg opna, delte ut lokalmatprisen og besøkte fleire produsentar.
– Det er imponerande å sjå breidda og kvaliteten på alle dei ulike produkta som utstillarane har med seg her på Matstreif. Marknaden her på Youngstorget vitnar om både hardt arbeid og kreative hovud frå gardar rundt omkring i heile landet, som endar opp som nye og smaksrike opplevingar her på Matstreif, seier statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg.
Etter opninga var det tid for å dele ut spesialitetsmerke. Stegegjerdet Norberg delte ut fem av dei denne fredagen.
Orkladal Ysteri fekk spesialitet for ostane Rokoll og Skjenald. To kittmodna ostar som imponerte fagjuryen med rik og velutvikla smak, svært god saltbalanse og høg handverksmessig kvalitet.
Himmelspannet fekk spesialitet for Geiteberget - ein kvitmuggost på geitemjølk frå Hallingdal med krema konsistens, delikat geitepreg og rik munnkjensle.
Oslo Øst frå Metervare fekk spesialitet. Oslo Øst er ei saftig og smakfull pølse der grøn pepar og Jarlsberg gjev ei varm, fyldig og heilskapleg smaksoppleving.
Løkken Gård fekk spesialitet for chilisausane Hvaler Basco og Lemon Garlic, som imponerte med fyldige smakar, friske aromaer og eit handverk som fagjuryen meiner er i særklasse.
Med røter i sterke bakstetradisjonar i Møre og Romsdal, synte både Mors tynnlefse og Solemdalslefse korleis ekte handverk og høg kvalitet kan lyfte ei tradisjonell lefse opp i særklasse i sin kategori.
18. til 19. september er Youngstorget midt i Oslo knutepunkt for bedrifter som driv med mat- og drikke basert på norske råvarer frå nord til sør og frå fjord til dal. Stegegjerdet Norberg fekk omvising blant dei mange standane og fekk helse på produsentar og smake produkta deira.
Matstreif er den største mat- og drikkefestivalen i Oslo, og ei feiring av alt det gode Noreg har å by på av lokalmat, tradisjon og innovasjon. Festivalen er eit samarbeid mellom Stiftelsen Norsk Mat, HANEN og Bondens Marked, som jobbar i lag for å lyfte fram norske mat- og drikkeprodusentar.