Historisk arkiv

Betre bemanning og kvalitet i barnehagen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil innføre ei norm for kor mange barn det bør vere per vaksen i barnehagen, og vil sende forslag ut til høyring til våren. Samstundes styrker regjeringa arbeidet mot mobbing og vil bruke nærare 400 millionar kroner på kvalitet i barnehagen i 2017.

– Regjeringa bygger kunnskapssamfunnet. Dette arbeidet startar allereie i barnehagen. Derfor fører vi vidare satsinga på trygge barnehageplassar av høg kvalitet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Foreslår bemanningsnorm

I 2015 hadde dei ti prosentane av barnehagane med færrast tilsette fleire enn 6,7 barn per årsverk, medan dei ti prosentane barnehagane med flest tilsette hadde færre enn 5,1 barn per årsverk. Regjeringa varsla å innføre ei norm innan i 2020 i Sundvolden-erklæringa.

– Nå følger vi opp dette. Det skal ikkje vere tilfeldig om barnet ditt går i ein barnehage med høg eller låg bemanning. Med ei norm for bemanning vil vi jamne ut forskjellar i kvalitet, seier Røe Isaksen.

400 millionar til kvalitet

Regjeringa vil bruke nærare 400 millionar kroner for å fremme kvalitet i barnehagen i 2017. Det er 230 millionar kroner meir enn i 2013, noko som er over ei dobling. Kvalitetssatsinga vil blant anna gå til vidareutdanning av og kompetanseheving for dei som allereie jobbar i barnehagen.

35 millionar til mobbearbeid

Regjeringa styrker arbeidet mot mobbing i skolar og barnehagar, og foreslår å bruke ytterlegare 35 millionar kroner på dette. Totalt blir innsatsen 75 millionar kroner i 2017. Midlane skal blant anna gå til kompetansetiltak som skal gjere både barnehagar og skolar betre rusta til å førebygge, avdekke og handtere mobbing.

– Forsking viser at barn blir stengde ute frå leik allereie i barnehagen, og at ein del barnehagar ikkje arbeider godt nok med å støtte leiken og fremme gode relasjonar mellom barna. Derfor har regjeringa for første gong tatt barnehagane med i det langsiktige arbeidet mot mobbing. Vi vil prioritere arbeidet med å auke kompetansen til dei som jobbar i barnehagar. Skal vi hindre mobbing, treng vi tydelege vaksne som legg til rette for at barna trivst i barnehagen, seier kunnskapsministeren.