Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Betre hjelp til sårbare barn

Statsbudsjettet 2016

Regjeringa vil sikre sårbare barn hjelp tidleg, og foreslår totalt 30 millionar kroner slik at lova om pålegg av hjelpetiltak i heimen kan tre i kraft frå 1. april 2016.

- For å betre situasjonen for barna og førebygge meir inngripande tiltak som omsorgsovertaking, er det viktig å få på plass lova som gir utvida høve til å pålegge foreldre hjelpetiltak frå barnevernet. Barn skal vekse opp i trygge familiar, seier barneminister Solveig Horne (FrP).

Kompetanseutvikling i barnevernet

Barnevernet er avhengig av høgt kompetente og oppdaterte tilsette.

- Auka kompetanse er avgjerande for å styrke barnevernet. Det har vist seg at rekruttering til vidareutdanningar har vore eit problem, og at økonomi er ei viktig årsak til dette. Derfor løyver vi midlar til ei ny tilskotsordning der arbeidsgivarar mellom anna kan søke om å få dekt vikarutgifter for tilsette som tek vidareutdanning, seier Horne.

Regjeringa foreslår ei ny tilskotsordning til barnevernfaglege vidareutdanningar med 2,4 millionar kroner, for å stimulere til at fleire tilsette i kommunalt barnevern og i statlege, private og ideelle barnevernsinstitusjonar gjennomfører relevant og tilrådd vidareutdanning. Tilsette i kommunale barnevernstenester vil bli prioritert.

Regjeringa foreslår i tillegg å styrke arbeidet med psykisk hjelp til barn i barnevernet med 2 millionar kroner.

Forsøkskommunar

Departementet vil i 2016 setje i verk eit forsøk i eit lite utval kommunar, som får eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Eit meir heilskapleg ansvar vil gi sterkare insentiv, og større handlingsrom, til å prioritere førebyggjande tiltak. Forsøkskommunane skal kompenserast for større ansvar gjennom ein auke i rammetilskotet under budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dette skal gi departementet kunnskap og erfaringar med ny ansvarsdeling, og vil vere eit nyttig grunnlag for å vurdere vidareutvikling av ansvarsdeling mellom kommunalt og statleg barnevern.

- Vår ambisjon er eit barnevern som gir fleire barn og familiar rett hjelp til rett tid, seier Horne.

Les meir om strukturendringar i barnevernet her. 

Aktivitetsvekst

Det er forventa ein aktivitetsvekst i det statlege barnevernet neste år. Regjeringa foreslår derfor å styrke det statlege barnevernet med 87 millionar kroner, som skal gå til kjøp frå private leverandørar.

Til toppen