Statens vegvesen set straks i gang utlysing av nytt anbod. Samferdselsdepartementet har stilt krav om betre rutetilbod og strenge krav til utslepp. Dei tre ferjene som trafikkerer sambandet i dag, blir erstatta med større ferjer. I tillegg er det krav om eit større reservefartøy enn i dag.

No blir ferjesambandet døgnope sju dagar i veka. På laurdagar blir det sju rundturar meir enn i dag.

I dei nye kontraktane er det krav om at heile 95 prosent av energiforbruket skal vere basert på nullutsleppsteknologi. Dei siste fem prosentane skal tryggje driftstryggleiken i sambandet, men skal vere berekraftig biodrivstoff eller LNG.

- På grunn av dei  kravet om nullutsleppteknologi i kontrakten, vil berre pris avgjere kven som vinn anbodet. På den måten sørgjer vi for å halde kostnadene nede, utan at det går ut over miljøet eller tryggleiken til dei reisande, seier Dale.

Sambandet Halsa-Kanestraum ligg på E39 aust for Kristiansund og knyter Møre og Romsdal og Trøndelag saman. Overfartstid er på 20 min. Oppstart av den nye kontrakten er i 2021, kontrakten varer i10 år med opsjon om 18 månader ut over kontraktsperioden.