Historisk arkiv

Brot i lønsoppgjeret i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Torsdag 29. april, på ettermiddagen, blei det brot i forhandlingane i årets mellomoppgjer i staten med LO Stat, YS Stat og Unio. Fredag morgon braut også Akademikerne forhandlingane. Lønsoppgjeret går no til mekling hos Riksmeklaren.

Saken er oppdatert 30.04.

Staten og hovudsamanslutningane LO Stat, Unio og YS Stat blei ikkje einige om den økonomiske ramma. Staten tilbydde ein lønsvekst på linje med frontfaget.

– Eg er skuffa over at det ikkje var mogeleg å kome fram til ei løysing i årets forhandlingar. For staten er det viktig å halde seg til frontfagsramma, som er på 2,7 prosent årslønsvekst. Det er viktig å respektere frontfagsmodellen, fordi den bidreg til å sikre norsk konkurranseevne og arbeidsplassar. No treng partane bistand frå Riksmeklaren for å kome i hamn, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet representerer staten i forhandlingane med hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat.